Fast LIS 2/3 stiling i medisinsk biokjemi
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS 2/3 i medisinsk biokjemi
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Vil du vere med på å forme laboratoriemedisinen i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for forsking og fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus, Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 350 tilsette. Avdelinga omfattar tre legegrupper: Seksjon for medisinsk biokjemi, Seksjon for klinisk farmakologi og Hormonlaboratoriet. Avdelinga har 12 analytiske seksjonar, i tillegg til eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Me har òg medisinskfagleg rådgjeving i medisinsk biokjemi ved laboratoriet ved Haraldsplass Diakonale sjukehus (HDS).
Stillinga er knytt til legegruppa i Seksjon for medisinsk biokjemi, som i dag har åtte overlegar og ein LIS. Sju overlegar har hovudstilling i Helse Bergen, medan ein overlege har ei gradert stilling.
Avdelinga er ein sentral aktør innan laboratoriemedisin, og tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv forskingsaktivitet knytt til fleire av fagområda innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi.
Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli gjort om til stilling som legespesialist.
Cand.med. kan òg søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikke er kvalifiserte søkarar.
Arbeidsoppgåver
- Vaktordning innanfor normal arbeidstid
- Vurdering og kommentering av analysar i medisinsk biokjemi/hormonanalysar
- Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
- Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
- Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
- Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd
- Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi
- Cand.med. kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar
- Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
- Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
- Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
- Du kan følge opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanninga
- Full spesialistutdanning i medisinsk biokjemi inkludert sideutdanning dersom behov
- Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
- Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kristin Holstad, Seksjonsoverlege, 55 97 32 38, kristin.holstad@helse-bergen.noHege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, 55 97 43 97, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 495009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4954875532
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2923729
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f58c4cfa9b345e1852901d99a940baf