1.styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
E39, 4150 Rennesøy, E39, 5561 Bokn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
1. styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som 1. styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Mastrafjord.
Hos oss får du jobbe i ein bedrift med gode karriere moglegheitar, saman med dyktige og kjekke kollegaer. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.
Oppstart omgåande
Arbeidsoppgåver
Som styrmann har du ei sentral rolle om bord, med ansvar for navigasjon, tryggleik og dagleg drift av dekksavdelinga på di vakt. Du sikrar at alt navigasjons- og tryggleiksutstyr er i samsvar med gjeldande reglar, og bidrar aktivt til opplæring av mannskap og ein sikker og effektiv arbeidsdag.
Arbeidsoppgåver:
- Leiar for dekksavdeling på si vakt
- Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
- Tryggleiksoffiser med ansvar for sikkerheitsrutinar om bord
- Navigere sjølvstendig på si vakt
- Ettersyn av navigasjonsutstyr og sikring av at navigasjonshjelpemiddel oppfyller gjeldande krav
- Sikre at førstehjelpsutstyr er i samsvar med regelverk
- Vedlikehald og oppfølging av brann- og redningsutstyr i tråd med AMOS-systemet
- Opplæring av mannskap innanfor sitt ansvarsområde
- Sikre trygg og forsvarleg lasting og lossing, samt delta ved behov
- Andre oppgåver i tråd med stillingsinstruksen
Vi ser etter:
Vi ser etter ein strukturert og samarbeidsvillig styrmann som trivst med ansvar og eit tett samarbeid med mannskapet. Du forstår og støttar opp om bedrifta sine mål, og har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø om bord. Med eit positivt humør, god kommunikasjonsevne og ei serviceinnstilt haldning bidrar du til ei trygg og smidig reise for både mannskap og passasjerar.
Kvalifikasjonar:- Minimum D4-sertifikat
- VHF/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
- Gyldig helseattest
- Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Vi tilbyr
Hos oss får du ein trygg og spanande arbeidskvardag om bord på moderne fartøy, med eit støttande og godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
- Gode velferdsordningar som gir deg ekstra trivsel både på jobb og fritid, som moglegheita til å leige leiligheiter eller hytter, og rabattordningar
- God turnusordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
- Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode
Er du klar for nye utfordringar i eit framtidsretta reiarlag? Send inn søknaden din i dag – vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, 479 95 295Arbeidsstad
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4936307464
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2025
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8f6f2e76-5ae9-4f5f-baca-acfe8010b6c1
- Hentet fra
talentech
- Referanse
098ea2190567439fb847b10aa66e8e15