Er du vår nye transportleiar i Telemark Godslinjer?
Telemark Godslinjer AS
Seljord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Transportleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. februar
Som transportleiar hos oss vil du ha ei sentral rolle i å planlegge og organisere transport av varer både nasjonalt og internasjonalt.
Dine hovudoppgåver vil inkludere:
• Koordinere transportoppdrag og sikre effektiv leveranse
• Sikre at sjåførar arbeider innafor mål, planar, lover og forskrifter
• Optimalisere ruter og transportmetoder for å redusere kostnader og forbetre leveringstider
• Handtere uforutsette hendingar som kan oppstå under transport
• Kommunikasjon og koordinering med kundar og samarbeidspartnarar
• Økonomioppfølging, fakturering og dokumentasjon til kunde og internt
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaparFor å lykkast i rolla, ser vi etter kandidatar som har:
• Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og muntleg
• Stabil og påliteleg, med evne til å jobbe sjølvstendig og i team
• Gode IT-kunnskapar
• Strukturert og serviceinnstilt
• Fleksibel og trivast med høgt tempo
• Resultatorientert
• Løysingsorientert og proaktiv
Vi tilbyrHos oss vil du få jobbe i eit dynamisk og utviklande miljø
• Konkurransedyktig lønn
• Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
• Fagleg og personleg utvikling
• Gode forsikringsordningar og AFP-ordning
Om bedriften
Telemark Godslinjer er ein del av Telemark Bilruter-konsernet, som har lange tradisjonar i Telemark. Konsernet består av mor og 5 dotterselskap med transport som kjerneverksemd. Konsernet har hovudkontor i Seljord, kor vi også har ny verkstad for tunge køyretøy og ein moderne godsterminal. Vi omset for om lag 240 mill og er 165 tilsette. Aktiviteten strekker seg over store delar av Sør-Noreg.
Telemark Bilruter legg, som leiande transportaktør, stor vekt på berekraftig utvikling. Vi er medlem av Grønt Landtransportprogram (GLP), som arbeider systematisk med å redusere utslepp i bransjen. Telemark Bilruter konsern har til saman 247 lasteeiningar, og har stort fokus på overgang til ein grønare bilpark.
Telemark Godslinjer har også hovudkontor i Seljord, og omfattar mellom anna langtransport mellom aust-og vestlandet, spesialtransport, stykkgods, renovasjon, septiktømming og høgtrykksspyling med spesialbilar.
Sektor
Privat
Nettsted