Miljørettleiar - 100% vikariat
Sirdal kommune
Tonstadveien 28, 4440 Tonstad
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar ved Tonstad skule, vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. desember
Vi treng ein miljørettleiar med på laget rundt elevane. Miljørettleiaren har viktige oppgåver med å styrka skulemiljøet, skapa gode relasjonar til elevane og bidra til å styrka relasjonar mellom elevane. Miljørettleiaren deltar i miljøteamet på skulen, som jobbar systemretta med førebygging og sikrar eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. Miljørettleiaren jobbar i størst mogleg grad direkte i elevmiljøet, men bidrar òg i saker knyta til enkeltelevar eller grupper av elevar.
Vi søkjer etter deg som gløder for arbeidet ditt, viser god omsorg, er påliteleg, arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre, har godt humør og er fleksibel.Kjenner du deg att? Søk på denne viktige jobben!Tonstad skule er ein kombinert skule med 1.-10.trinn og SFO, med om lag 190 elevar. Skulen er oppteken av læring i eit inkluderande læringsmiljø, og arbeider med å bygge gode profesjonsfellesskap.
Skulen ligg i kommunesenteret Tonstad, nært symjehall, idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ein fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitet. Tonstad barnehage er næraste nabo, og det er korte avstandar til alt du treng.
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, og det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver - lista er under utvikling, og er ikkje uttømande:
- Aktiv pådrivar for å skapa eit godt skulemiljø for alle, jobba med førebygging.
- Oppfølging av elevar med utfordringar.
- Støtta opp og motivera elevane i læringsarbeid, i pausar og friminutt.
- Legga til rette og organisera aktivitetar der elevane opplever medverknad.
- Bygga gode relasjonar for å skapa lærelyst og sosialt fellesskap.
- Bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt.
- Samarbeida med elevar, tilsette og leiinga om å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Bidra til å utvikla det systematiske skulemiljøarbeidet ved skulen.
- Delta i skulen sine personalmøte, plandagar og anna utviklingsarbeid etter avtale.
- Høgskule/universitet (180 studiepoeng), diplom/bachelorgrad i relevante fag er ønska, men anna relevant kompetanse blir óg vurdert.
- Kompetanse og erfaring med skulemiljøarbeid er ønskeleg.
- Kompetanse og referanse frå arbeid med barn med åtferdsutfordringar og andre særskilte behov er ønskeleg.
- Det er ønskeleg med kjennskap til RVTS og traumebevisst omsorg
- God grunnkompetanse i bruk av digitale verktøy.
- Det er forventa at den tilsette held seg oppdatert fagleg, og jobbar forskingsbasert.
- God norskkompetanse, både skriftleg og munnleg (minimum B2).
- Trygg, tydeleg og god vaksenperson for elevane.
- Engasjement for elevane.
- Godt humør.
- Kreativ og løysingsorientert.
- Sjølvstendig, men samarbeidsorientert.
- Ansvarsfull og robust, som toler å stå i krevjande situasjonar.
- Evne til å skapa godt samarbeid med barn og vaksne gjennom tydeleg og respektfull kommunikasjon.
Løn og tilsetting på kommunale vilkår, etter gjeldande lov- og avtaleverk. Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den enkelte arbeidsstaden.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.
Søknad til stilling i Sirdal kommune, skjer ved å nytta elektronisk søknadsskjema.
Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter M. Røssland tlf. 971 62 627
Søknadsfrist: 30.12.25Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8f20f0fc-5812-4893-8877-18de466bcb56
- Sist endret
3. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3569793_204613_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sirdal kommune
Sted
Tonstad
100% vikariat fagarbeidar Tonstad skule - 2.gongs utlysing
Arbeidsgiver
Sirdal kommune
Sted
Tonstad
Arbeidsgiver
Sirdal kommune Sirdal kommune
Sted
Tonstad