Assisterande einingsleiar/ avdelingssjukepleiar
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for Gastrokirurgi/ Post 3 Gastrokirurgi, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande einingsleiar/ avdelingssjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ledig vikariat i 100% stilling som Assisterande einingsleiar/ assisterande avdelingssjukepleiar ved kirurgisk klinikk post 3. Vikariatet er ledig frå 08.09.2025 til 25.01.2026.
Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi og tar hand om pasientar med sjukdommar i mage og tarm. Posten har 20 senger og 36 årsverk, med vel 40 tilsette. Kjenneteikn ved posten er at den har både akutte og elektive pasientar, der mange er alvorleg sjuke og ein høg andel øyeblikkelig hjelp. Avdelinga har m.a regionalt ansvar for fleire av våre diagnosar.
Dei tilsette i posten består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar med jamt over høg kompetanse. Personalet er aktive, har godt humør og er løysingsorienterte.
Som assisterande avdelingssjukepleiar vil du jobbe tett saman med avdelingssjukepleiar og har felles mål og plan for utvikling av helsetenesta.
Vi har eit godt arbeidsmiljø som vi er stolt over. Arbeidstid er i hovudsak dagarbeid med arbeidstid 07.00-15.00.
Kirurgisk klinikk, post 3, er ein av fem sengepostar i kirurgisk klinikk. I vår klinikk samarbeider assisterande avdelingssjukepleiarar tett og har felles mål og plan for utvikling av pleietenesta. Vi ønsker derfor at du som søkar er inititivrik, engasjert og har eit ønske om å utvikle eigen avdeling i tillegg til å aktivt delta i utviklinga av Kirurgisk klinikk.
Arbeidsoppgåver
- Tett samarbeid med avdelingssjukepleiar
- Rettleiing av nytilsette/ samtalar med nytilsette
- Kurs/ fagutvikling/ utvikling av kompetanseplanar
- Tett samarbeid med fagsjukepleiar
- Medansvar for bemanning
- Hjelpe til ute i avdelinga
- Drift, koordinering av pasientar
- Stedfortreder for avdelingssjukepleiar/ einingsleiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med minimum 2 års erfaring som sjukepleiar
- Du har gjerne vidareutdanning eller leiarutdanning
- Leiarerfaring er ein fordel
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring med Gastropasientar er ein fordel
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg sterk
- Tar initiativ til nye oppgåver
- Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
- Er utadvendt og har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Evne til å rettleie medarbeidarar
- Har kunnskap om verksemdas datasystem
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marianne Titland Sørensen, Ass. seksjonsleiar, 55973599, marianne.titland.sorensen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4973223359
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.07.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8f15065e-32bd-4e1b-97c5-819c3e85c46f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
abd4f977576c499fbdf1fa885b37c97a