Vikariat som pedagog eller miljørettleiar
Sogndal kommune Kaupanger skule
Brekkeflaten 2, 6854 Kaupanger
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Kaupanger skule er ein 1. – 10. skule med 230 elevar og 36 tilsette knytt til skule og SFO. Kaupanger skule er praksisskule og har kvart år mange studentgrupper innom. Kaupanger skule ligg fint til i furuskogen på Kaupanger. . «Skulen i skogen» er prega av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med positive elevar, tilsette og føresette.
Her jobbar tilsette, elevar og føresette for at alle skal ha det trygt og godt, der skulen er ein god stad for utvikling og læring.
Det største stillingsprosenten er tilknytta 1-4 klasse, men det er også ledig stillingsprosent på ungdomstrinnet.
Det vil frå 01.08.2025 bli ledig fylgjande:
Skulen kan og ha bruk for:
Arbeidsoppgåver:
Som lærar på Kaupanger skule har du ein variert arbeidskvardag, som mellom anna inneber:
- Planlegge og leie elevane si læring, individuelt og i team.
- Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap.
- Sette skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid ut i praksis.
- Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid med elevane og heimen
- Bidra til å skape eit læringsmiljø som stimulerer til deltaking, undring og læring
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
- god kjennskap til læreplanverket og som er ein pådrivar for utvikling av undervising og vurderingsarbeid i tråd med LK20 og ny opplæringslov.
- undervising som set eleven i sentrum gjennom praktisk, relevant, utfordrande og varierte undervisingsformer.
- evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer.
- empati, gode mellommenneskelege eigenskapar, og ei evne til å sjå heile eleven.
- høgt profesjonsmedvit.
- eit engasjement i jobben og ei evne til å skape motivasjon hjå elevane.
- evne til samskaping og til å ta initiativ i profesjonsfellesskapet.
- evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta fagleg funderte avgjersler.
- evne til å samarbeide med lærarar, miljørettleiarar, leiing og andre instansar til det beste for barnet.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit fagleg sterkt og framoverlent kollegium.
- Ein arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit og du må krysse av på om du søkjer pedagog eller miljørettleiar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2908899
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3483777_195885_nn