Bioingeniør
Laboratoriet Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. april
Vil du jobbe i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, saman med fagleg dyktige og trivelege kollegaer?
Vi styrkar no bemanninga vår og håpar DU vil søkje.
Oppstart juni 2025 eller etter avtale.Stillinga inngår i turnusordning med tredelt vakt og arbeid kvar tredje helg.
Laboratoriet på Stord er ein del av avdeling for laboratoriemedisin, eitt av seks laboratorium i Helse Fonna. Vi er eit akkreditert laboratorium med døgnkontinuerleg drift, og utfører analysearbeid innan medisinsk biokjemi og immunologi, samt transfusjonsmedisin.
👉 Vi ser fram til å høyre frå deg – kanskje blir du vår nye kollega?Stord byr på vakker natur og mange moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. Her finn du eit aktivt fritidstilbod for både barn og vaksne, med eit breitt spekter av idrettar og kulturaktivitetar. Kommunen har eit godt utbygd skuletilbod, og det er gode kommunikasjonsmoglegheiter til både Bergen og Stavanger – i tillegg til eigen flyplass med direkterute til Oslo.
Kva går jobben ut på?
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Vedlikehald av analysemaskinane våre
- Tapping av blodgivarar
- Blodprøvetaking
- Bidra til faglig utvikling
- 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring innan laboratoriearbeid vil vera en fordel, grunndig opplæring gis
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er strukturert, ansvarsbevisst og har gode samarbeidsevner
- har høg arbeidsmoral og sterkt fagleg engasement
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
- Eit inkluderande miljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar
- Varierande arbeidsoppgåver
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Pedersen, Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord, +47 45661893Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4947910727
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Ragnhild Pedersen
Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord
+47 45661893
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2907908
- Hentet fra
talentech
- Referanse
37d53d7567de46e5b5aedaea3c1b48ce