Sosionom
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom Valen sjukehus
Oppstart
4. september 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus er eit sjukehus i ei spennande utvikling. Avdelinga består av fire døgnpostar og ein poliklinikk. Akuttpost, psykosepost, sikkerhetspost, sikker/rehabilitering og ambulant sikkerhetsteam. I denne stillinga vil du vere ein del av eit tverrfagleg behandlingsteam med psykologar, legar, sosionomar, sjukepleiarar og miljøterapeutar.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga sitt formål er å bistå inn i eit tverrfagleg samansett behandlingsteam der særleg sosialfaglege oppgåver skal ivaretast av sosionom.
- Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på postane
- Direkte pasientarbeid
- Kartlegging av pasienten pasienten sine sosiale og økonomiske høve med rådgjeving og iverksetting av aktuelle hjelpetiltak
- Vegleie og orientere pasientar og pårørande
- Delta i utarbeiding av behandlingsplanar og særleg fylgje opp der pasienten har rett til individuell plan.
- Oppgåver knytt til koordinering av tenester mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester.
- Dokumentasjon av sosialt arbeid som vert utført i samsvar med gjeldande lovverk.
Kvalifikasjonar
- Sosionom utdanning eller anna relevant sosialfagleg utdanning
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern
- Gode evner i bruk av IKT-verktøy
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å halde framdrift i prosessar
- Positiv, engasjert og initiativrik
- Fleksibel og gode samarbeidsevner
- Ryddig og strukturert
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elisabet Anuglen Kalsås, Funksjonsleiar, 53466408Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4667672293
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.09.2023
Søknadsfrist: 06.08.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2353993
- Hentet fra
talentech
- Referanse
02ee45f8f9d14f6d93f0a731a0875219