Hopp til innhold

Driftsansvarleg Teknsisk avdeling

Arbeidsgiver

Seashore Land AS, avd. Trovåg

Sted

5568 Vikebygd

Om jobben

Stillingstittel
Driftsansvarleg Teknisk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Vårt settefiskanlegg på Trovåg har i løpet av dei siste åra auka produksjonen ved hjelp av grøn, framtidsretta teknologi. Vi ser etter ein driftsansvarleg som trivst tett på produksjon, teknologi og folk – og som har lyst til å vere med og løfte oss vidare. 

Om Rollen

Som Driftsansvarleg for teknisk avdeling har du hovudansvaret for at tekniske system, anlegg og utstyr går trygt, stabilt og effektivt.

Du vil blant anna:

  • Sikre dagleg drift av teknisk avdeling
  • Planleggje og følge opp førebyggande vedlikehald, reparasjonar og serviceavtalar
  • Koordinere tekniske aktivitetar og personell med produksjon og andre fagområde
  • Utarbeiding og revidering av internkontrollsystem vedr. teknisk drift av anlegg
  • Leie og delta i ulike prosjekt, samt bidra i arbeid med kontinuerleg forbetring
  • Journalføring og rapportering
  • Budsjettansvar for teknisk avdeling, med fokus på å sikre ei forsvarleg og kostnadseffektiv drift
  • Kontakt og oppfølging av servicepersonell og andre eksterne partar
  • Følge opp HMS-krav, rutinar og dokumentasjon i teknisk avdeling, og sjå til at gjeldande HMS-reglar vert overheldt
  • Personalansvar for dei tilsette på Teknisk avdeling

Kven ser vi etter

Du er praktisk, strukturert og med teknisk forståing - og når ting ikkje fungerer, vil du gjerne bidra til å finne løysinga.

Vi ser gjerne at du:

  • Har minst 3–5 år erfaring frå teknisk drift, vedlikehald, industri eller liknande
  • Har relevant fagbrev og/eller teknisk utdanning (lang relevant erfaring kan veie opp for manglande formell kompetanse)
  • Har god teknisk forståing 
  • Trivst med å ta ansvar, prioritere og skape struktur i kvardagen
  • Gode leiareigenskapar og interesse for folk
  • Evne til å engasjere medarbeidarar, skape relasjonar og samarbeid
  • Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og avdelingar
  • Sjølvstendig, målretta og strukturert, med god gjennomføringsevne
  • Har fokus på HMS, kvalitet og trygg drift – og tør å stoppe ting når det trengst
  • Kjennskap til verdikjeda er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode data ferdigheiter og evne til å setja seg inn i digitale system 

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss blir du del av ein solid og innovativ aktør, med klare ambisjonar for både kvalitet og utvikling.

Vi tilbyr:

  • ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
  • konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • firmahytter i Røldal, Voss og Spania

Ved spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med 

Kontaktperson for stillingen

Trude Gullhaug

Driftsleiar

+4795089707

trudeg@seashore.no

Om bedriften

Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ed0347d-219d-437c-b386-cd91e4a5f3ac

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d861661820b34771998060918912a6cd

Lignende annonser

Laster lignende annonser