Helgestilling jordmorstudentar
kvinneklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling jordmorstudent
- Type ansettelse
- Fast, deltid 22%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Litt om Fødeavdelinga:
Vi har tre fødeeiningar på Kvinneklinikken: Føde AB, Føde C og Føde D Storken. Føde AB har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, samt barseloppfølging. Alle seksjonane samarbeider tett for å løyse bemanningsufordringar i fellesskap.
Fødeavdelinga er såleis ein spennande arbeidsstad for jordmorstudentar. Vi treng helgestillingar frå snarast. Det vil vere 3-delt turnus, med arbeid på helg og høgtidsdagar. Det vil vere mogleg å få tilpassa turnusen med studier.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar for føde-barselkvinner
- Rettleiing av "nybakte" foreldre
- Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
- Varierande sjukepleieoppgåver
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiefagleg utdanning med norsk autorisasjon
- Påbyrja studie i jordmorfag
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Generell sjukepleieerfaring er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
- Tåle endring
- Tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Aarø, Seksjonsleiar, 41701662Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5147488282
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Kari Aarø
Seksjonsleiar
41701662
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8ec39701-3da5-4f1c-b431-cae024b11b20
- Sist endret
24. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a7959c53862643beac6db191a1706da0