Industrimekanikk arbeidsleder - Erfaring med CNC - Volda
Furene As Avd Volda
Furene 10, 6105 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Mekanisk avdeling er i stor utvikling og står føre nye spanande investeringar, der akkurat DU kan vere med på å forme framtida saman med våre åtte fast tilsette.
Stillingstittel
Arbeidsleder industrimekanikk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 40-99%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Hva vi ser etter
Vi søkjer ein person som:· Har relevant fagbrev - erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
· Gjerne har truckførarsertifikat
· Har generelt god datakunnskap
· Erfaring med CNC-styrte maskiner
· Kan lese og forstå arbeidsteikningar
· Er kreativ og løysingsorientert
· Er positiv av natur og likar å jobbe i lag med folk
PS! Vi er også på "jakt" etter deg som kanskje ikkje kan jobbe i 100% stilling. Kanskje du pensjonerte deg for tidlig og kan tenkje deg å vere litt i aktivitet?
Vil du vite meir om stillinga eller ta deg ein tur for ein ei uformell prat, er det berre å ta kontakt med avdelingsleiar Arnt Egil Brautaset mobil 99254864Arbeidsoppgaver
Vi driv i dag med ordreretta produksjon innanfor områda platebearbeiding, sveis og maskinering, og vi ser heile tida etter nye utfordringar og utviklingsområder. Hovudoppgåvene til arbeidsleiaren er knytta til produksjonen og den daglege drifta. Han eller ho vil også delta i opplæring og tilrettelegging for lærlingar og deltakarar i praksis.
Vi tilbyr
Furene AS kan tilby:
-
Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver der du får vere med på å hjelpe andre til ein meiningsfylt arbeidskvardag
-
Kjekke kollegaer
-
Løn etter avtale
-
Pensjonsavtale
-
Gode velferds- og forsikringsordningar
-
Aktivt trivselslag
Kontaktperson for stillingen
Arnt-Egil Bratuaset
Avdelingsleiar
99254864
Om bedriften
Furene er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med over 50-års drift innan karriere- og kompetanseutvikling. Vi er eigd av Norges Handikapforbund og dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Vårt mål er å bidra til auka arbeidsinkludering for deltakarar som av ulike årsaker står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet.Furene har eit omfattande samarbeid med arbeidslivet på Søre Sunnmøre innan rekruttering, og som leverandør av ei rekkje varer og tenester. Vi leverer også ei rekke tenester for NAV.
Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulike typar arbeid, både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt hos våre samarbeidspartnarar.
Sektor
Privat
Nettsted
Facebook
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2952208
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8eb8cb84-3b8a-43e9-ac22-f022abe4c096