Hopp til innhold

Knappskog skule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Knappskog skule

Sted

Fjæreidevegen 30, 5360 Kolltveit

Om jobben

Stillingstittel
Skulesekretær 80% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Knappskog skule har ledig ei 80 % fast stilling som skulesekretær. Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar som vil vera ein viktig del av den administrative kvardagen på skulen.

Arbeidsoppgåver
  • ta imot og følgja opp henvendingar frå elevar, føresette og samarbeidspartnarar
  • være støttespelar for skuleleiinga
  • samarbeida tett med administrasjonen på skulen
  • ha ansvar for arkivarbeid og personvern (GDPR)
  • oppdatere og følgje opp skuleadministrative system
  • utføre saksbehandling
  • arbeide med rekneskap og anna økonomiadministrativt arbeid
  • utføre anna forfallande sekretærarbeid
Kvalifikasjonar
  • fagbrev i kontorfaget eller bachelor i administrative fag
    (lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning)
  • god systemforståing og digital kompetanse
  • god kjennskap til MS Office (Word, Excel, Outlook, PowerPoint)
  • gode norskkunnskapar og god formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Ønskjelege kvalifikasjonar
  • erfaring frå saksarkivsystem, gjerne Websak
  • erfaring med Vigilo, skuleadministrativt program
  • erfaring med Visma Enterprise-modular som personalmelding, fråvær og liknande
  • erfaring med skyss elev
Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du:

  • er positiv og serviceinnstilt, med godt humør
  • arbeider strukturert, er ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har gode samarbeidsevner
  • kan arbeide sjølvstendig og finne gode løysingar i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • er nytenkjande og kreativ i utviklinga av den administrative avdelinga på skulen
    (digitalisering er ei viktig satsing ved skulen og i kommunen)
  • har forståing for omdømmebygging og heilskapleg tenking
  • meistrar digitale system og verktøy
  • kommuniserer godt med elevar, føresette, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-verksemd
  • motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • varierte, interessante og komplekse arbeidsoppgåver
  • høve til fagleg og personleg utvikling
Anna

Arbeidsåret er 41 veker, og løna vert difor redusert med 7,7 %.
Det kan vera mogleg å auka stillinga gjennom vikararbeid på SFO og/eller i skulen.

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Solfrid Kleiven

+47 92661232

solfrid.kleiven@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Knappskog skule er ein fulldelt barneskule med om lag 230 elevar fordelt på 14 klassar. I tillegg driftar skulen innføringsklassen for framandspråklege elevar i kommunen. Skulen er heildigital og har som visjon å fremje kunnskap i eit trygt læringsmiljø. Skulen satsar på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt arbeidsfellesskap.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8eb3b3d2-9039-470c-8ae5-f22ca945a82c

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3627683_202983_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser