Miljøarbeidar psykisk helse og rus
Sektor helse og omsorg, Fyresdal kommune
Landstadvegen 35, 3870 Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar psykisk helse og rus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. august
Vil du vere med å utvikle framtidas psykisk helse- og rustenester i Fyresdal kommune?
Vi søker ein engasjert og fagleg sterk person til arbeid med utvikling av heilskaplege og kunnskapsbaserte lågterskeltenester for barn, unge vaksne og familiar med psykiske helseutfordringar og/eller rusrelaterte problem. Dette er ei 100 % stilling, men noko blir betala av prosjektmidlar, så på sikt kan arbeidsoppgåvene bli endra dersom tilskotsordningane fell bort.
Fyresdal kommune jobbar no for å utvikle ei meir robust teneste innan psykisk helsearbeid og rus. Dette for å vere betre i stand til å møte framtidas utfordringar. Med fokus på tverrfagleg samarbeid, førebyggande arbeid, brukarmedverknad og lågterskeltilbod. Vi ynskjer at tenesteutviklinga skjer på målgruppas premissar og arenaer, med vekt på tidleg innsats, eigne ressursar og livsmeistring. Vi ynskjer å fremme auka deltaking i aktivitetar som betrar livskvalitet, meistring og som bidreg til eit aktiv og meiningsfullt tilvære.
På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. Vi nyttar journalsystemet Infodoc og Profil.
Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, tre legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, sjukepleiar på helsestasjon, koordinator for førebyggjande arbeid, psykiatrisk sjukepleiar, to fysioterapeutar, ergoterapeut i 30 % (knytt til interkommunalt samarbeid med Nissedal kommune) og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.
Arbeidsoppgåver
Etablering av lågterskeltilbod i samarbeid med målgruppene.
- Oppsøkande verksemd
- Førebyggande arbeid retta mot barn, unge vaksne og familiar
- Samhandling med andre sektorar og avdelingar
- Delta i miljøterapeutiske tiltak individuelt og i grupper
- Tverrfagleg samarbeid og pårørandearbeid
- Vere støtteperson for målgruppene i høve til aktivitet
- Opplysningsarbeid
Den som blir tilsett skal vere med å forme og utvikle stillinga ut frå brukarbehova.
Kvalifikasjonar
- I hovudsak søker vi ein person med brei erfaring innan fagfeltet og målgruppene - fag- eller høgskuleutdanning
- Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familiar er eit pluss
- Erfaring frå psykisk helse og rus er eit pluss
- God kjennskap til kommunale tenester og offentleg forvaltning
- Kunnskap om kunnskapsbasert praksis og implementering av tiltak
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Har brukar i fokus og engasjement for målgruppa
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og vere strukturert
- Handlekraftig, likar utfordringar, er fleksibel og nytenkande
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen
Den som blir tilsett må disponere eigen bil.
Dette er i hovudsak ei dagtidsstilling med arbeidstid 37,5 t/veke. Ein må likevel pårekne noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid. Ein kan om ynskjeleg også kombinere stillinga med helgearbeid; det finst fleire alternativ i sektoren.
Kontaktinformasjon
Jenny Kiland, Avdelingsleiar, +47 45228097Arbeidssted
Landstadvegen 353870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5147186745
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Jenny Kiland
Avdelingsleiar
+47 45228097
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8e95328e-baf9-4a2d-a06b-780f956d96f4
- Sist endret
2. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9f9afcc837474b2eb78c4c74c46b5ed7