Medisinsk operatør/ressurskoordinator
AMK akutt nødmeldetjeneste Prehospital avdeling
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Medisinsk operatør/ressurskoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere med og redde liv – kvar dag?
AMK-sentralen i Haugesund søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør/ressurskoordinator. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane.
AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) Helse Fonna har ledig ei 100 % stilling og to 50 % stillingar, der den eine 50 % stillinga er ei nattstilling. AMK er ein del av Klinikk for medisinsk service og beredskap.
Kva går jobben ut på?
- Svara på naudtelefonar 113
- Koordinera ambulansedrifta for AMK Haugesund og akutte helseressursar
- Samhandla med andre naudetatar og samarbeidspartnarar
- Registrering, dokumentasjon og oppdatering av hendingar
- Varsling ved beredskap
- Delta i øvingar og fagleg utvikling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, paramedisinar eller ambulansearbeidar
- Gode IT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring på norsk, må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norskprøve på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden. Ved tilsetjing av personar som allereie er fast tilsette i føretaket, kan ein unntaksvis – i særlege tilfelle – fråvike kravet om bestått norskprøve på B2-nivå.
- Meistring av engelsk, både skriftleg og munnleg
- Aktuelle kandidatar med AMK-kompetanse kan bli prioriterte
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjonsevner
- er arbeidsvillig og har gode samarbeidsevner
- meistrar å arbeida i høgt tempo
- er serviceinnstilt
- har evne til å arbeida både i team og sjølvstendig
- er strukturert og målretta
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø med fokus på teamarbeid og utvikling
- Jamlege moglegheiter for fagleg påfyll
- Triveleg og godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Torbjørn Nornes, +47 91612094Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5026238966
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8e77d7cf-2675-41e4-b9bf-1ffebaac8cb1
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9be3e75f41e44466a7c8b30d94792d5c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Husøkonomi avdeling Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Fastlønnet Legevaktslege
Arbeidsgiver
Karmøy legevakt, Karmøy kommune
Sted
Åkrehamn
Arbeidsgiver
Helsehuset og Bjørgene omsorgsboliger, Haugesund kommune
Sted
Haugesund
Sykepleier
Arbeidsgiver
Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund
Sted
Haugesund