Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
Oppvekst og kulturetaten
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Ulstein kommune har fem grunnskular. Her kan du lese om skulane.
Frå skuleåret 2025/2026 kan det bli ledig fleire stillingar som fagarbeidar/assistent.
Behovet vil vere avhengig av tal på permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildeling. Faste stillingar og vikariat. Stillingsbehovet kan endre seg.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen, både fagleg og sosialt, i undervisningssituasjonar, friminutt og på SFO
- Vere aktivt saman med elevane, og kunne organisere og sette i gong leik og aktivitetar med elevgrupper
- Bidra til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane
- Samarbeide med føresette
- Samarbeide tett med andre lærarar, fagarbeidarar og leiinga ved skulen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring frå arbeid i skulen eller anna arbeid med barn og unge
- Søkjarar utan fagbrev med relevant praksis kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Du har eit positivt barnesyn og eit blikk for barnet sine gode sider og styrker
- Du evnar å etablere gode relasjonar til barn/ungdom og er ein tydeleg vaksen
- Du er trygg, omsorgsfull og har godt humør
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette, kollegaer og leiing
- Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- Du har høg arbeidskapasitet og bidreg aktivt til et godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490, karen.strand@ulstein.kommune.noArbeidsstad
Sjøgata 636065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 4949671395
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2912008
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e68f2f097a7343e583119f3c4535d70b