Reinhaldar 20% - fast stilling
Hjellbakkane Barnehage
Gamletufta 3, 6104 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Hjellbakkane barnehage søkjar etter reinhaldar i 20% fast stilling. Hjellbakkane barnehage flyttar heile barnehagen ut til ein anna lokasjon 4 veker i året, vi er og stengd 2 veker på sommaren. Denne tida er det mogleg å ta ut eventuell ferie eller gjere forfallande arbeid.
Stillingstittel
Renholder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Vakt, kveld og dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som kan tiltre raskt i stillinga og som oppfyller følgande kompetansekrav:
-
Fagbrev som reinhaldar er ønskeleg, men ikkje eit krav.
-
Gode allmennkunnskapar.
-
Samarbeidsevne og fleksibilitet.
-
God kommunikasjonsevne.
-
Løysingsorientert og fleksibel
-
Stort engasjement og positiv haldning
-
Raus
-
Høg arbeidskapasitet
-
Personlege eigenskapar vil verte prioritert i tilsettinga -- vi ynskjer rett person, på rett plass, til rett tid.
Arbeidsoppgaver
-
Dagleg reinhald
-
Mopping av golv/støvsuging av tepper og golv
-
Tømme søppelposar
-
Tørke av bord/frie flatar
-
Flekkfjerning
-
Vask av vindu, karmar, hyllar og listverk
-
Vask av våtrom
-
o.l.
Vi tilbyr
-
Attraktivt pedagogisk konsept (Skogsmulle pedagogikken)
-
Aktivt fagmiljø og engasjerte kollegaer
-
Godt arbeidsmiljø med fleire menn i barnehagen
-
Tariffavtale (PBL)
Politiattest må framleggas før tilsetting.
Om bedriften
Hjellbakkane Barnehage Hjellbakkane barnehage er ein ideell privat barnehage tufta på ein natur- og friluftsprofil. Barnehagen vart opna i 1987, og er organisert i ei stifting med eigne vedtekter. Hjellbakkane barnehage er ei pedagogisk verksemd for barn frå 0 - 6 år. Drifta er forankra i barnehagelova med forskrifter, mellom anna rammeplan for barnehagen sitt ansvar og sine oppgåver.
"Hjellbakkane barnehage skal fremje fysisk aktivitet ute i naturen året rundt"
Vår visjon er:
"Hjellbakkane barnehage, eit trygt fellesskap i samhandling med kvarandre og naturen".
Sidan barnehagen er so mykje ute er det ein enkel barnehage å halde rein, og det står ikkje so mykje på golvet.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881624
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8e27514c-a476-44b0-8a13-bf6a2d5b9b56