Hopp til innhold

Har du erfaring med prosjekt-/anleggsledelse?

Arbeidsgiver

Jordalen Entreprenør AS

Sted

Liavegen 33, 5705 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Anleggsleder/Prosjektleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Vil du ha ansvar -- og vere med og byggje vidare?

Me søkjer anleggs-/prosjektleiar

Me ynskjer å styrka administrasjonen med ein dyktig og engasjert anleggs-/prosjektleiar.

Hjå oss får du ei sentral rolle med ansvar for prosjekt frå tidleg fase til ferdigstilling. Du får ein variert arbeidskvardag der du vekslar mellom kalkyle og planlegging, prosjektleiing og oppfølging ute på byggeplass.

Me ser etter deg som trivst med ansvar, likar å finne gode løysingar og som ynskjer å bidra -- både fagleg og sosialt. Ei stilling med variasjon og ansvar

Som anleggs-/prosjektleiar vil du mellom anna arbeide med:

  • Kalkulasjon og utarbeiding av anbod

  • Prosjektering og planlegging

  • Oppfølging og prosjektstøtte

  • Leiing og oppfølging på byggeplass

  • Ansvar for kvalitet, miljø, økonomi og HMS

  • Dialog og oppfølging av kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar

Du vil få moglegheit til å følgje prosjekta tett og påverke korleis dei blir gjennomførte. Kven er du?

Me trur du vil trivast hjå oss dersom du:

  • Har utdanning frå fagskule eller høgare nivå. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning

  • Har erfaring frå anleggsleiing og prosjektstyring

  • Har god forståing for økonomi, framdrift og gjennomføring av prosjekt

  • Har god IKT-kompetanse. Erfaring med Gemini terreng er ein fordel

  • Arbeider strukturert og sjølvstendig, men samtidig trivst godt i lag med andre

  • Er løysingsorientert og ser moglegheiter framfor problem

  • Er positiv, imøtekommande og flink til å kommunisere

Me er meir opptekne av kva du kan og kva du ynskjer å bidra med, enn at du kan krysse av på absolutt alle punkta. Kvifor skal du velje oss?

Hjå oss får du ikkje berre ein jobb -- du får moglegheita til å bli ein viktig del av laget.

Me tilbyr:

  • Ein variert og spanande arbeidskvardag

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Stor grad av ansvar og tillit

  • Gode lønns- og arbeidsvilkår

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Dyktige og trivelege kollegaer

  • Ei verksemd som ynskjer å utvikle seg, der du kan vere med og påverke vegen vidare

Me meiner dei beste prosjekta blir skapte når folk samarbeider, tek ansvar og finn gode løysingar saman. Hjå oss skal det vera rom for å ta ansvar, kome med idear, spørje om hjelp og ikkje minst, ha det kjekt på jobb.

Er du klar for nye utfordringar og ynskjer å bli ein del av laget vårt?

Då vil me gjerne høyre frå deg!

Ta gjerne kontakt dersom du vil vite meir om stillinga eller oss som arbeidsgivar.

Om bedriften

Jordalen Entreprenør AS er eit maskinentreprenørfirma med i overkant av 20 tilsette.

Me driv allsidig anleggsarbeid med særleg vekt på utføring av kommunaltekniske anlegg og vegbygging.

Basen vår er i Liahagen på Voss og det naturlege marknadsområdet vårt er i Voss og omegn.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8e105aa5-579f-430d-9eee-01d0381701d0

Sist endret

18. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

476428411

Lignende annonser

Laster lignende annonser