Hopp til innhold

Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss

Arbeidsgiver

Voss Sparebank

Sted

5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. september

Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss

Likar du å arbeida med folk, økonomi og ha gode kundemøte?
Er du typen som ser ei oppgåve som må gjerast, og berre gjer det?
Då vil me gjerne høyre frå deg.

Voss Sparebank er ein sjølvstendig lokal sparebank med 28 tilsette.

Me kjenner kundane våre, me kjenner kvarandre – og me likar å gjera lokalsamfunnet til ein betre plass å bu og leva.

No ser me etter ein ny kollega som skal vera rådgjevar for bedriftsmarknaden
på Voss og nærområdet vårt.

Hjå oss får du ikkje berre kontorpult, stol og PC i moderne lokale.
Du får høve til å bli kjend med verksemdene i lokalsamfunnet, forstå kva dei driv med og vera ein viktig sparringspartnar når dei skal investera, utvikla seg eller ta nye steg.

Ingen dagar er like. Nokre dagar sit du fordjupa i ein kredittsak. Andre dagar er du ute og møter ein kunde, diskuterer investeringar over ein kaffikopp eller finn ut korleis me kan hjelpe ei lokal bedrift vidare.

Om du trivst med ansvar, relasjonar, tykkjer om samfunnsoppdraget vårt og likar at arbeidsinnsatsen din vert opplevd som meiningsfull. Då er dette kanskje ei stilling for deg?

Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar på bedriftsmarknaden får du ansvar for eiga kundeportefølje.
Du vil mellom anna:
  • Rådgje og selje banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye bedriftskundar – kreditt, forsikring, leasing, pensjon og sparing/plassering
  • Følgja opp og utvikla gode kunderelasjonar
  • Vurdera kreditt, utarbeida og presentera kredittsaker
  • Vera ein aktiv sparringspartnar for kundane våre og forstå behova deira
  • Oppsøkja nye kundar og byggja nettverk i næringslivet
  • Samarbeida med kollegaer i heile banken for å finne gode og heilskaplege løysingar
Kvalifikasjonar
  • Du har høgare utdanning innan økonomi.
  • Du er tidleg i karrieren, eller er nyutdanna.
  • Det er òg fint om du har interesse for, eller erfaring frå finans, rekneskap
    eller revisjon.
  • Du har interesse for lokalt næringsliv.
  • Du er god til å skriva nynorsk eller villig til å læra det.
  • Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut.
    Om du ikkje har det, må du på sikt vera motivert for å gjennomføra autorisasjon i kredittfaget.
Personlege eigenskapar
  • Du likar å snakka med folk og skapa tillit.
  • Du er nysgjerrig på bedrifter, menneske og økonomi.
  • Du kan analysere tal, men også forstå menneska bak tala.
  • Du ser kva som må gjerast og tek i eit tak når det trengst.
  • Du trivst med kundekontakt og nettverksbygging.
  • Du er ein god kollega som ser dei rundt deg,
Me tilbyr
  • Mange gode og dyktige kollegaer og ein triveleg arbeidsplass.
  • Ei rådgjevarrolle med både ansvar og tillit.
  • Flotte og moderne lokale midt i Voss sentrum.
  • Eige treningsrom – fordi me trur det er viktig å ta vare på både hovudet og kroppen.
Om Voss
Her har du kort veg til fjell, ski, sykling, fjord og andre friluftsaktivitetar – samstundes som Voss har eit rikt idretts- og kulturliv gjennom heile året.
For deg som likar å vere aktiv, møte folk og ha naturen tett på, er Voss ein fin plass å både bu og jobbe.

Om Voss Sparebank
Her kan du lesa meir om banken :
www.vossabanken.no

Spørsmål
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Leiar bedriftsmarknad Kurt Arild Midtun: 479 30 327
Banksjef Jørund Rong: 479 30 335

Ynskjer du å bli vår nye rådgjevar for bedriftsmarknaden på Voss, sender du ein kortfatta søknad med CV til Voss Sparebank på e-post: kam@vossabanken.no. (mrk: «Bedriftsrådgjevar» i emnefeltet) eller bruk søknadsskjemaet via "søk på stilling" knappen på denne siden.

Søknadsfrist er 20.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Jørund Rong

Banksjef

479 30 335

Kurt Arild Midtun

Leiar bedriftsmarknad

479 30 327

Om bedriften

Voss Sparebank vart etablert i 1843.
Sidan starten og fram til i dag, har banken utvikla seg til ein moderne bank som tilbyr eit vidt spekter av produkt og tenester innanfor daglegbank, finansiering, sparing og forsikring.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c32db1e6-fe01-4276-92a5-bd5939b094b9

Sist endret

11. september 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4578242

Lignende annonser

Laster lignende annonser