Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag?
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Oshaugen 6, 5202 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut og barne- og ungdomsarbeidar ved Os ungdomsskule
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 78%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag – og bidra til meistring, trivsel og inkludering?
Os ungdomsskule har ledig:
- Inntil 2 x 78 % engasjement som barne- og ungdomsarbeidar
- Inntil 1 x 78% engasjement som miljøterapeut
Stillingane gjeld for skuleåret 2026/2027.
Vi ser etter deg som brenn for å arbeide med ungdom, og som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø – der alle elevar får oppleve meistring og tilhøyrsle.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som jobbar målretta med skuleutvikling, relasjonsbygging og livsmeistring for elevane våre.
Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har om lag 70 tilsette og 485 elevar, fordelte på 5–6 klassar per trinn. Skulen arbeider etter verdiane meistring, tryggleik og anerkjenning, og har eit sterkt fokus på gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Stillingane er i hovudsak knytte til oppfølging av elevar med særskilte behov, der ein arbeider tett på einskildelevar gjennom skuledagen. Arbeidet krev tryggleik, relasjonskompetanse og evne til å skapa struktur, føreseielegheit og meistring i kvardagen.
- Gi tett individuell oppfølging av elevar med særskilte behov
- Leggje til rette for trivsel, utvikling, læring og sosial deltaking
- Følgje opp elevar gjennom undervisning, overgangar og friminutt
- Arbeide målretta med struktur, relasjonar og førebygging av utfordrande situasjonar
- Bidra til å utvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Samarbeide tett med lærarar, føresette, PPT og andre faginstansar
- Delta i planlegging, evaluering og oppfølging av tiltak rundt elevane
- Vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksenperson i elevane sin kvardag
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjeleg
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
- Erfaring med eller interesse for arbeid med elevar med særskilte behov
- Kjennskap til ADHD, autismespekterforstyrringar og reguleringsvanskar er ein fordel
- Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel
- Erfaring med språk- og kommunikasjonsvanskar er ønskjeleg
- God relasjonskompetanse og gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg
- Andre med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan også søkje
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med samansette behov er ønskjeleg
- Erfaring med autismespekterforstyrringar, ADHD, åtferdsvanskar eller psykososiale utfordringar er ein fordel
- Kompetanse innan relasjonsarbeid, miljøarbeid og låg-affektiv tilnærming er ønskjeleg
- Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel
- Evne til å arbeide strukturert, systematisk og målretta rundt enkeltelevar
- God relasjonskompetanse og gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi ser etter deg som:
- Er varm, tydeleg og trygg i møte med ungdom
- Har evne til å skapa gode relasjonar og bygge tillit
- Er tolmodig, fleksibel og roleg i krevjande situasjonar
- Er engasjert, løysingsorientert og samarbeidsvillig
- Jobbar strukturert og sjølvstendig, men trivst også i team
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. For nokre av stillingane oppmodar vi særleg menn til å søkje.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8df46180-10aa-4ead-bf12-d8696d82874c
- Sist endret
23. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3631015_207795_nn