Leiar for helsestasjonstenestene i Time kommune
Barn og familie, Time kommune
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
Leiar for helsestasjonstenestene i Time kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vil du vera ein sentral pådrivar for utviklinga av helsestasjonstenestene i Time kommune?
Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar med mot til å handla og evne til å sjå moglegheiter i samarbeid med andre fagområde.
Du vil leia ei verksemd med jordmorteneste, helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste (barne-, ungdoms- og vidaregåande skule), helsestasjon for ungdom og familiesenter. Fem fagansvarlege koordinerer arbeidet i eigne team, og du vil ha fagleg, administrativt og økonomisk ansvar for tenesta og personalet.
I Time kommune er tverrfagleg samhandling eit fundament i arbeidet med barn, unge og familiar. Helsesjukepleiarane er viktige deltakarar i etablerte lag rundt barn i barnehage og skule. Dette saman med leiinga i desse verksemdene, PPT, barnevern med fleire. Målet er å skapa helsefremjande og inkluderande fellesskap for barn og unge.
Som vår leiar vil du:
- vera nær dei tilsette og leia strategisk med heilskapleg blikk på oppvekstsektoren
- bidra til samskaping og nytenking på tvers av profesjonar
- vidareutvikla etablerte strukturar og kulturar
- ha ei viktig rolle i vidareutvikling av det tverrfaglege samarbeidet for barn og unge i Time
Verksemda har totalt 23 årsverk og er organisert som ei eiga eining i sektoren for barn og familie i Oppvekst. Du rapporterer til barne- og familiesjef, og inngår i ei leiargruppe saman med leiarane for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern og flyktningteneste.
Stillinga er lokalisert i eigne lokalar nær togstasjon og rådhus.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk leiing av tenestene i verksemda i tråd med gjeldande lovverk, strategiplan Oppvekst, kommunale vedtak og målsettingar
- Leia og vera pådrivar for forenkling, forbetring og fornying
- Samskapa med andre profesjonar i Oppvekst
- Ha personalansvar og budsjettansvar
- Bidra til god dialog og samarbeid internt og eksternt
- Sikra eit godt fag- og arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Godkjend helsesjukepleiarutdanning.
- Leiarkompetanse - erfaring og/eller utdanning innan leiing er ønskjeleg. Det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing, eller at du tar startar opp leiarutdanning innan to år om dette ikkje er del av utdanninga.
- Kompetanse knytt til analyse og økonomistyring
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg, synleg og tilgjengeleg leiar som utfordrar, motiverer, støtter og stiller forventningar til dine tilsette
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonevner, er løysingsorientert med tverrfagleg fokus
- Fagleg trygg, engasjert og tydeleg
- Inspirerer og motiverer gjennom god kommunikasjon
- Gode samarbeidsevner, løysingsorientert og heilskapleg tilnærming
- Du er oppdatert, engasjert og interessert i både helse- og oppvekstsektoren som fagfelt
- Det vil bli vektlagt at du er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein kommune sentralt på Jæren
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Ein unik moglegheit til å vera pådrivar ein oppvekstsektor i utvikling
- Stillinga er unntatt arbeidstidsordning og overtidsgodtgjering, som det vert kompensert for med 10 dagar fri
- Konkurransedyktig løn etter avtale
- Gode arbeidsvilkår, pensjons- og forsikringsordningar
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Siri Endresen, Barn- og familiesjef, +47 41437427Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 304340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5022663297
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Siri Endresen
Barn- og familiesjef
+47 41437427
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8dbbe656-67c3-4153-8faa-b8e221290958
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f7bcb760fda4341a34329cd82052eb6
Lignende annonser
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Nav Hå
Sted
Nærbø
Arbeidsgiver
Avdeling for fys.med. og rehabilitering, Helse Stavanger HF
Sted
Stavanger
Styrar i Stokkalandsmarka barnehage
Arbeidsgiver
Hå kommune Barnehageavdelingen
Sted
Varhaug