Hopp til innhold

Helsesjukepleiar

Arbeidsgiver

Helsestasjon, Time kommune

Sted

Hulda Garborgs veg, 4340 Bryne

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Oppstart
1. februar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Har du lyst til å arbeide som helsesjukepleiar i Time kommune? Me søkjer helsesjukepleiar til 90% fast stilling til avdeling helsestasjon- og skulehelsetenesta. Avdelinga er organisert i tenesteområde Oppvekst. I kommunen er det ein helsestasjon og 11 skular. 
Stillinga er i skulehelsetenesta. På skulane arbeider ein i team med ein annan helsesjukepleiar. Kvar skule har "Laget rundt læraren og eleven" der ein jobbar tverrfagleg på både individ- og systemnivå.  
Ein spennande jobb i ein sterk fagleg organisasjon som vektlegg å dela kunnskap og ferdigheiter med kvarandre.
Trivelege og inkluderande kollegaer.
 

Arbeidsoppgåver

Skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste i grunn-og vidaregåande skule og er underlagt forskrift og Nasjonal fagleg retningslinje for det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i helsestasjon, -skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.

  • Følgje fast program for barne- og ungdomsskulen
  • Vera tilgjengeleg for elevane i open dør konsultasjonar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid om oppgåver i skulehelsetenesta
  • Bistå med råd og rettleiing ved behov til foreldre og skulens personell 

Kvalifikasjonar

Vidareutdanning som helsesjukepleiar

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eiga utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Det er lovkrav om at politiattest skal registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Marianne Nesbø, Verksemdsleiar, +47 92454617

Arbeidsstad

Hulda Garborgs veg
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5044403823
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

656c3909-8edf-47b2-8148-9cc2719324fc

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

46ed34c6bd444a18b1d826056e3ab362

Lignende annonser

Laster lignende annonser