Hopp til innhold

Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Arbeidsgiver

Kirurgisk post Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 17. november

Vi har no ledig eit vikariat som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus ved Kirurgisk post.Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med pasientar innan fleire fagområde, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, føflekkreft, brannskadar og generell kirurgi. Vi har òg ansvar for gynekologiske pasientar i helgar, høgtider og ferieperiodar.

Sengeposten har 8 senger, eit godt tverrfagleg samarbeid og tett tilknyting til poliklinikkane.
Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg breidde, varierte arbeidsoppgåver og moglegheita til å følgje pasientane gjennom ulike delar av behandlingsforløpet.

👉 Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje stilling hos oss! 💙

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrer.
  • Tett samarbeid med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
  • Ansvar for eigne pasientar gjennom vakta. Vi nyttar stille rapport og delt gruppe, noko som gir kontinuitet og fagleg ansvar i pasientoppfølginga

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert sjukepleiar.
  • Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som Dips og Meona.
  • Det er ønskeleg med sårstell erfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er ryddig og strukturert
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er sjølvstendig og har evne til å prioritere oppgåver
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • likar nye utfordringar 

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Jo, fordi vi har:

🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. 

🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.

🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.

🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Ringe, Avdelingsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5204065444
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Ringe

Avdelingsleiar

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8dbb48f6-8152-42d2-91d0-c10e6a322ff0

Sist endret

2. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d8f4cf27f1be4f6e8ffbd17956020ad0

Lignende annonser

Laster lignende annonser