Blir du med på laget?
Hå kommune Barnehageavdelingen
Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
Om jobben
Stillingstittel
Styrar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Om arbeidsgjevar
I Hå kommune har vi et felles mål om at barn og unge skal høyre til i eit fellesskap, oppleve meistring og handtere motgang. Vil du være med på laget?
Om barnehagen
Stokkelandsmarka barnehage er ein stor og livleg barnehage med 8 avdelingar, over 100 barn og om lag 35 tilsette. Her er kvardagen prega av leik, nysgjerrigheit og læring i trygge og gode rammer. Me har kort veg til flotte turområde, og brukar naturen aktivt som ein arena for undring, meistring og fellesskap.
Hos oss er språkutvikling, leik, vennskap og inkludering, viktige satsingsområde. Me ønskjer at barna skal oppleva glede, tryggleik og fellesskap, samtidig som dei får utfordringar som gir utvikling og læring. Personalet er engasjerte, varme og profesjonelle, og legg vekt på samarbeid, humor og kvalitet i det pedagogiske arbeidet.
Stokkelandsmarka barnehage er ein arbeidsplass med høg kompetanse, stort engasjement og eit inkluderande miljø – både for små og store.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for at barna i barnehagen får eit godt barnehagetilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen
Ansvar for leiing av personalet, økonomi og administrasjon, samt faglig innhold.
Vidareutvikling av barnehagen og leiing av endringsprosessar.
Leggja til rette for godt og konstruktivt samarbeid med føresette.
Samarbeid med bl.a. skole, helsestasjon, barnevern, PPT og andre fagmiljø til beste for barna.
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar eller annan relevant utdanning som gir barnefaglig og pedagogisk kompetanse (Jfr krav etter Lov og barnehager).
Relevant vidareutdanning innan leiing eller tilsvarande. Andre kan også søke.
Erfaring frå barnehage.
Erfaring frå liknande stilling.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Me ønskjer ein leiar som:
• er glad i folk, relasjonsbyggande og inkluderande
• held stø kurs og er utviklingsorientert
• har evne til å arbeide sjølvstendig og har gjennomføringsevne
• er trygg og tydeleg i leiarstil
• har gode samarbeidsevner
• er fagleg engasjert
• er fleksibel og har godt humør
• bidreg i styrarkollegiet
Me tilbyr
Ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling
Kompetente og engasjerte medarbeidarar
Moglegheit for fagleg utvikling og leiarskapsopplæring
Ei god styrergruppe med faste treffpunkt.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8da236e2-104d-4823-9f3d-47011383e332
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3549973_177633_no