Hopp til innhold

Ledig vikariat i Sjøliv FUS

Arbeidsgiver

Sjøliv FUS barnehage as

Sted

Makkhamn 43, 5384 Torangsvåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk medarbeider/barne- og ungdomsarbeider/assistent
Oppstart
01.02.26 eller etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage! Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og vi søkjer ein engasjert assistent/fagarbeidar som vil vere med på denne reisa.

Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?

Ja? Då er du kanskje den vi ser etter!

I Sjøliv FUS barnehage skal det vere godt å vera både voksen og barn. Me skal utnytte kvardagssituasjonar ved å forvandle det til kvardagsmagi. Me skal gje barn ein allsidig, god og utviklande kvardag. Det gjer me ved å vere varme, engasjerte, trygge og tydelige voksne. Me boltarar oss mykje ute. I båt, i skogen, på leikeplassen og på turar i nærmiljøet. Me har også store og gode rom inne som byr på mykje leik og aktivitet. 

Me har no ledig to vikariat fra 01.02.2026 (eller tidligare) og ut barnehageåret, med mulighet for forlengelse.  

Me søkjer deg som:

  • Tar barn og bardom på alvor
  • er leiken og veit at leiken er ei superkraft
  • har gode samarbeidsevner
  • tar ansvar
  • er løysningsorienter

 

Hos oss får du:

  • Leika (leiken er vårt viktigaste arbeidsverktøy)
  • Ein variert og aktiv kvardag
  • Kompetanseutvikling
  • Etablert eigarkonsern med allsidig kompetanse
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Eigne FUS-klær
  • Mulighet til å bruke båt med barn

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet
  • Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa
  • Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet

Vi ønskjer at du:

  • Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre
  • Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer
  • Er påliteleg og ansvarsmedviten
  • Er løysningsorientert
  • har båtførarbevis

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.

Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.

Ta kontakt on du lurer på noko

 

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8d69825a-d907-46d1-8459-261ab8eddd62

Sist endret

14. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

931ed808e55842adb443a80022228610

Lignende annonser