Matros i sambandet Langevåg-Buavåg, pt. MF Bømlafjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
5443 Bømlo, 5550 Sveio, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros i sambandet Langevåg-Buavåg, pt. MF Bømlafjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. juni
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ledig stilling som matros i sambandet Langevåg - Buavåg, på vår flotte elferge MF Bømlafjord.
Vaktordning: 1 veke på, og 2 veker av. Ein bur ombord når ein er på vakt, og får dekka reisekostnader til/frå arbeid.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat for hurtiggåande MOB-båt
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
- Skiftordning: 1 veke på og 2 veker av
- Ein bur ombord, og får dekka reisekostnader til/frå arbeid.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar; som muligheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5443 Bømlo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4981966076
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted