Sjukepleiar i Heimetenesta, fast 100% stilling.
Surnadal kommune Heimetenesta
BÃÂÃÂÃÂÃÂ¥rdshaugvegen 35, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Heimetenesta har ledig fast 100% sjukepleiestilling.Stillinga inneber arbeid turnus, med f.t arbeid tredje kvar helg og 3 nattevakter på 6 veker med oppgåver i heimesjukepleia og elles i eininga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Arbeidsoppgåver:
- kartlegge, planlegge og sette i verk tiltak ut frå pasientane sine behov
- utøve sjukepleie og medisinsk oppfølging i direkte pasientretta arbeid
- dokumentasjon og oppfølging av tiltak
- tverrfagleg samarbeid
- rettleeing av studentar, lærlingar og vikarar
- samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre
- autorisasjon som skjukepleiar
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne
- fagleg trygg
- kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
- utstyrt med gode samarbeidsevner og kan å motivere andre i arbeid og endring
- villig til og har evna til å arbeide sjølvstendig
- interessert i velferdsteknologi
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- lønn etter gjeldande avtaleverk, kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Du må ha førarkort kl.B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.
Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.
I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
Vi brukar Gerica som fagsystem.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2499089
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3269547_188829_nn