Avdelingsutviklar Lesja bygdemuseum
Gudbrandsdalsmusea
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Lesja
Om jobben
Stillingstittel
Kulturhistorisk mangekunstnar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Lesja bygdemuseum er del av Gudbrandsdalsmusea, og har no ei ledig stilling som avdelingsleiar i inntil 100 prosent fast stilling. Ein mindre del av stillinga kan etter avtale femne om overordna oppgåver som gjeld den samla verksemda til Gudbrandsdalsmusea.
Krav til søkjar:Du bør ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule, og realkompetanse innan kulturhistorie eller liknande fagområde. Uavhengig av utdanning blir det lagt vekt på erfaringer og dokumentert handlingsevne som kvalifikasjonar for stillinga.
Personlege eigenskapar:Vi ynskjer oss ein framoverlent fagperson på Lesja bygdemuseum som kan arbeide sjølvstendig og kreativt, og samstundes har gode samarbeidseigenskaper mot både interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Du er glad i både folk og fe, fortid og notid -- og er ein god lagbyggjar som evner å delegere oppgåver, ansvar og gleder til eit stort lag av friviljuge og organisasjonar som kvar sommar fyller Lesja bygdemuseum med handverksaktiviteter, bakst, foredrag og konsertar fleire dagar kvar veke. Litt leiarerfaring vil vere ei styrke.
For å lukkast og trivast i jobben må du vere strukturert og løysingsorientert.
Arbeidsoppgåver:Avdelingsleiaren er forventa og fylle og utvikle rolla som kulturhistorisk mangekunstnar:
• Forvaltning og registrering av Lesja bygdemuseum si samling
• Formidling av kulturhistorie i tekst, bilete og munnleg forteljing
• Formidling for skuleklasser og turistgrupper
• Planlegging og gjennomføring av arrangement gjennom heile året -- med aktivitetstopp gjennom sommaren
• Rekruttering og oppfølging av sommartilsette og stort lag av friviljuge
• Løpande kontakt og koordinering av arrangement og aktiviteter med husflidslag, bygdekvinnelag, historielag og andre
• Overordna ansvar for bygningar og samling
• Innkjøp og drift av museumsbutikk
• Administrative oppgåver knytt til Lesja bygdemuseum
• Kommunikasjon og marknadsføring
• Oppfølging av reiseselskap i inn- og utland
• Bidra til innovasjon og utvikling i Lesja og heile Gudbrandsdalen
For rette person kan deler av stillinga innehalde strategisk og operativ medvirkning for Gudbrandsdalsmusea i det store og heile.
Gudbrandsdalsmusea:Gudbrandsdalsmusea arbeider for sosial og økonomisk verdiskaping basert på den gudbrandsdalske kulturarven. Vi gjer fortida relevant for både notid og framtid, og gjer historie levande gjennom utstillingar, arkiv og besøkssentre i Gudbrandsdalen. Vi tek vare på materiell og immateriell kulturarv og har eit auga på samtid og framtid.
I Lesja, Lom og Vågå kan du besøke friluftsmusea våre, med historiske tømmerhus og inventar. Ved desse musea er det aktiviteter heile året, med sommaren som hovudsesong. Gudbrandsdalsmusea driv fire privatarkiv, to folkemusikkarkiv, to stavkyrkjeutstillingar, krigshistorisk museum og bergverkssenter.
Ved Norsk fjellsenter i Lom finn du Norsk fjellmuseum, der utstillinga <<Bergtatt>> syner fram menneska si bruk av fjellet i all tid. På Hundorp finn du pilegrimssenter Dale-Gudbrand. Gudbrandsdalsmusea har tilsett bygningsvernrådgjevar som bistår eigarar av freda og verneverdige hus, offentlege instansar og andre interesserte.
Vi vonar du vil bli del av eit museumslag som er alt anna enn nedstøva -- vi skal ta kulturarven ut til folk flest i Gudbrandsdalen!
Vilkår:Gudbrandsdalsmusea tilbyr varierte arbeidsoppgåver og lærerike dagar i eit fag- og formidlingsmiljø som spenner vidt både tematisk og geografisk.
Fleksibel arbeidstid og noko helgearbeid i triveleg lag kan du sjå fram til.
Løn etter avtale og kvalifikasjonar. Kollektiv pensjonsordning.
Oppstart: Så snart som mogleg.
Om bedriften
Gudbrandsdalsmusea arbeider for sosial og økonomisk verdiskaping basert på den gudbrandsdalske kulturarven. Vi gjer fortida relevant for både notid og framtid, og gjer historie levande gjennom utstillingar, arkiv og besøkssentre i Gudbrandsdalen. Vi tek vare på materiell og immateriell kulturarv og har eit auga på samtid og framtid.
I Lesja, Lom og Vågå kan du besøke friluftsmusea våre, med historiske tømmerhus og inventar. Ved desse musea er det aktiviteter heile året, med sommaren som hovudsesong.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2440027
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8d4539e8-d910-4f7d-a426-a120a51862f0