Vikariat rektor Myklebust barne - og ungdomsskule, moglegheit for fast tilsetjing
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Kvia 22, 6140 Syvde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat rektor Myklebust barne - og ungdomsskule, moglegheit for fast tilsetjing
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2025. Stillinga er eit års vikariat med mulighet for fast tilsetting.
Myklebust barne og ungdomsskule er ein 1-10 skule med SFO-ordning. Skulen har om lag 120 elevar og 30 tilsette. Administrasjonsressursen er på 150% stilling fordelt mellom rektor og assisterande rektor. Ungdomsskulen ved skulen har flytta inn i lokala i det tidlegare VGS bygget i Syvde.
Arbeidsoppgåver
Til å leie og vidareutvikle Myklebust barne- og ungdomsskule søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt lærings- og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.
Vanylven kommune søkjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Du er ein pådrivar for å utvikle skulen i samsvar med kommunen sine overordna planar, kvalitetsplanen for skulen og nasjonale planverk. Du involverer personalet og foreldre i skulen sitt utviklingsarbeid, og er ein målretta og motiverande leiar som har evne og vilje til å legge til rette for at personalet skal få gjere sitt beste. I tillegg til skuleutvikling er du god på administrativt arbeid, økonomistyring og arbeidsmiljøarbeid.
Kvalifikasjonar
- Søkjarane må ha godkjend pedagogisk utdanning
- Erfaring frå skuleverket
- Erfaring som skuleleiar
- Bør ha tilleggsutdanning i skuleleiing/administrasjon (rektorskulen)
- Bør ha godt kjennskap til lov- og avtaleverk som SFS 2213, SFS 2201, HA, HTA og AML
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- God på utviklingsarbeid
- Evne til å motivere og engasjere
- Strukturert og planmessig
Sjølvstendig og initiativrik - Imøtekomande og omgjengeleg
- Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven kommune
- Trivast med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
- God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Gode pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
- Aktivt og godt arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Flexitid
- Erfaringsdeling og god oppfølging
- Gode forsikringsvilkår
- 15% nedbetaling av studielån kvart år for tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i kommunen, inntil kr. 28.000, - pr. år
Vikariatet som rektor ved Myklebust skule er ledig frå 1. august 2025.
Opplysningar om stillinga får du med Kommunalsjef KUOP Frode Vik, tlf. 99 28 86 00 eller Kommunedirektør Andreas Chr. Nørve, tlf. 92 84 78 03.
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Søknadsfrist: 18.mai 2025
Kontaktinformasjon
Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.noFrode Vik, kommunalsjef kultur og oppvekst, 99288600, frode.vik@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Kvia 226140 Syvde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4918728816
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2929395
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8c702d2fcc0942d6a8991d4412ad1376