Kontorfagleg økonomikonsulent
Kontorfagleg eining, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Økonomikonsulent
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kontorfagleg eining søkjer ein engasjert vikar til 100 % stilling som førstekonsulent/konsulent frå hausten 2025. Vikariatet varer i 1 år, med moglegheit for forlenging - som vil gje deg rikeleg tid til å utvikle dine ferdigheiter innan kontor- og økonomifaget.
Din arbeidsplass vil vere anten ved vårt regionkontor i Bergen, eller ved vårt kontorlokale i Stavanger.
Vil du vere med på å vidareutvikle rolla vår som ein føreseieleg og profesjonell service- og støttefunksjon for resten av organisasjonen? Er du ein lagspelar som veit å utøve godt medarbeidarskap og vil bidra til eit positivt sosialt og fagleg fellesskap? Er du trygg i situasjonar som kan vere krevjande og stressande, og har ei ro og eit nærvær som gjer at du handterer slike situasjonar på ein profesjonell måte?
Då er du kanskje den vi leitar etter og vi vil gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
Vi trur at desse arbeidsoppgåvene vil gje deg arbeidsglede :
- Kontroll og attestering av faktura for kjøp av private institusjonsplassar.
- Kontraktsoppfølging: Ansvarleg for utsending av rett dokument med tilhøyrande følgjebrev.
- Periodisk rapportering på regionalt nivå til direktoratet.
- Administrativ støtte til eining for Inntak ved behov.
- Andre økonomioppgåver knytt til Bufetat, region vest si verksemd.
Ein stor del av oppgåvene handlar om å avdekke avvik og rapportering. Du må difor evne å handtere mykje og detaljert informasjon. Det er og forventa at du kan halde deg til fristar, levere innan forventa tidsramme, og vere fleksibel i høve til arbeidstid og uttak av ferie.
Kvalifikasjonar
For tilsetting som førstekonsulent krevst fullført utdanning frå høgskule eller universitet, med minimum bachelorgrad eller 180 studiepoeng innan relevante fagområde.
For tilsetting som konsulent må du ha fullført minimum treårig vidaregåande utdanning, eller fagutdanning i kombinasjon med lang relevant erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver.
For at du skal lykkast i dette vikariatet, vil følgjande erfaring og kompetanse også være ein fordel:
- God økonomiforståing med evne til å sjå samanhengar og analysere økonomiske data.
- Erfaring frå arbeid med og kontroll av dokumenter og avtalar.
- Erfaring frå arbeid med internkontroll og avvikskontroll.
- Solide ferdigheiter og Excel-kunnskapar på nivå for økonomar.
- Særs gode kunnskapar og ferdigheiter i Office 365.
- Erfaring med å lese dokumenter og hente ut relevant informasjon.
- Norsk skriftleg på godt nivå og norsk munnleg på svært godt nivå.
Dette vikariatet er ei unik moglegheit til å få verdifull erfaring og innsikt i offentleg sektor, samtidig som du blir ein del av vårt engasjerte team og bidrar til vårt gode arbeidsmiljø og felles mål. Er du klar for utfordringa?
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som kan framskaffe relevant informasjon, vurdere ulike alternativ og ta veloverveide avgjerder.
Du er god på å arbeide sjølvstendig, følgje lovar, reglar og retningslinjer, vurdere problemstillingar og komme med løysingsforslag.Du er komfortabel med å vere tilgjengeleg for besøkjande og kollegaer, samtidig som du løyser eigne daglege gjeremål. Du må også vere fleksibel og tilpassingsdyktig, då oppgåvebildet ditt kan endrast.
For oss er det særs viktig korleis du som person passar til jobben, og dette vil bli teke med i den totale vurderinga.
Vi ser for oss deg som trivst i ope kontorlandskap, likar uformell småprat og har eit stort hjarte for våre barn, unge og familiar.
Vi tilbyr
- Førstekonsulent: Stillinga blir løna etter statleg lønnsregulativ som førstekonsulent SKO 1408, lønnsspenn frå 500 000 til 590 000 brutto per år.
- Konsulent: Stillinga blir løna etter statleg lønnsregulativ som konsulent SKO 1065, lønnsspenn frå 490 000 til 570 000 brutto per år.
- Løn og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Moglegheit til å trene inntil ein time i veka, i arbeidstida.
- Fleksibel arbeidstid (kjernetid kl 09.00-14.30).
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda bedre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjøl.
Vidare kan kanskje dette vikariatet gi deg ei unik moglegheit til å få verdifull erfaring og innsikt i offentleg sektor, samtidig som du blir ein del av vårt engasjerte team og bidrar til vårt gode arbeidsmiljø og felles mål. Er du klar for utfordringa?
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er p.t. lagt til Kontorfagleg eining.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du legga ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Emma Kirsti Stenhouse Ytrearne, Seksjonssjef, 47618099Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4960735857
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 22.05.2025
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8d243c5a-bb6e-4c5b-bfb9-ac9d04c956d6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff02a6660e8c43d99de3c88f2ffbde85