100 % fast undervisningsstilling i norsk, historie og språkfag
BOM - Avd. Stud.spes., Vestland fylkeskommune
Leitedåvane 8, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % fast undervisningsstilling i norsk, historie og språkfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Bømlo vidaregåande skule sine 60 tilsette saman med sine 400 elevar arbeider for at trivsel og læring skal gå hand i hand. Lokalitetane er på Leite og i Rubbestadneset, og skulen har utdanningsprogramma: Studiespesialisering, Teknologi- og industrifag inkl. Maritime fag, Elektro- og datateknologi, Naturbruk, Helse- og oppvekstfag og Tilrettelagt opplæring.
Frå 01.08.2025 har me ledig inntil 100 % fast undervisningsstilling i norsk, historie og i språkfaga tysk eller spansk.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera knytt til undervisning og oppfølging av elevar både ved studiespesialiserande og yrkesfaglege programområde. Ein deltar i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen. Me søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse med evne og vilje til å skape gode læringsarenaer og som blir aktiv del av laget rundt eleven.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Det er ynskjeleg med:
relevant undervisningserfaring
god digital kompetanse
erfaring og kompetanse knytt til undervisning av minoritetsspråklege elevar
god skriftleg og munnleg framstillingsevne
undervisningskompetanse i fleire av skulen sine fag
Personlege eigenskapar
Du er engasjert og legg til rette for variert undervisning.Du tek initiativ til samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du er er målretta, systematisk, kreativ og løysingsorientert.
Du er positiv, initiativrik, engasjert og har gode kommunikasjonsevner.
Du vil skapa gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre
Du arbeider i tråd med skulen og fylkeskommunen sine mål og strategiar.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Eit inkluderande fagsamarbeidGode høve til eiga læring og utvikling
Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Linda Aga Legøy, Avdelingsleiar, +47 47906461Arbeidsstad
Leitedåvane 85430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4983045498
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Linda Aga Legøy
Avdelingsleiar
+47 47906461
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8d047e50-ce27-476a-803c-952cc0a88dfb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3a7457e75c6f4810ab086e71a97205ca