Frivilligkoordinator, 100 % stilling i Hå kommune
Hå kommune Frivilligsentralen
Lyngvegen 14, 4365 Nærbø
Om jobben
- Stillingstittel
- Frivilligkoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Hå kommune to frivilligsentralar – ein på Nærbø og ein på Olsvoll. No treng me frivilligkoordinator til sentralen i sør. Dei to sentralane skal saman jobba for samarbeid mellom innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar og kommunale tenester. Frivilligsentralane er organisert i Frivilligeininga og arbeider etter plan for frivillig arbeid.
Arbeidsområde
Koordinatoren legg til rette for frivillig aktivitet gjennom kontakt med innbyggarar, frivillige, organisasjonar og ulike einingar i kommunen. Koordinatoren er eit bindeledd og kontaktperson for frittståande frivillige og for representantar for frivillige organisasjonar. I tillegg er det oppgåver i knyt til dagleg drift av frivilligsentralen, diverse arrangement og aktivitetar. Andre oppgåver er rekruttering av frivillige, bistand i oppretting av frivillige aktivitetar og deltaking i større prosjekt.
- relasjonsbyggar – kunna samarbeida med frivillige, organisasjonar og kommunalt tilsette.
- nettverk – har bredt nettverk i Hå kommune.
- engasjert – i å byggja eit godt lokalsamfunn.
- god til å samarbeida – med næraste kollega, kommunale tenester, innbyggjarar og organisasjonar.
- kunnskap – om frivillig sektor og kommunen.
- sjølvstendig – i arbeidsoppgåver og prosjekt.
- fleksibel – i problemløysing og arbeidsoppgåver.
- kreativ og initiativrik – sjå løysingar og moglegheiter.
- evne og vilje - til å løysa praktiske oppgåver og situasjonar.
- gode datakunnskapar.
Me vil legga stor vekt på personlege eigenskapar.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8cffa00a-c749-48db-a673-559bf58ebc72
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3568499_188341_no
Lignende annonser
Familieveileder
Arbeidsgiver
Hå kommune Familiesenteret
Sted
Nærbø
Fritidskoordinator
Arbeidsgiver
Husabø skole, Eigersund kommune
Sted
Egersund
Arbeidsgiver
Hå kommune Innhaldsdesign
Sted
Varhaug
Arbeidsgiver
Rogaland fylkeskommune
Sted
Stavanger