Sentral stilling hos Eiksenteret i Førde
Eiksenteret Førde
Øyrane 5, 6800 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Delelageransvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Eiksenteret i Førde ser etter vår nye delelageransvarleg som kan ta styring på logistikk, system og kundeservice i skjæringspunktet mellom verkstad, butikk og leverandørar. Dette er ei nøkkelrolle som skal sikre at mekanikarane får delane dei treng, kundane får gode svar -- og drifta går som den skal.
Du må trivast med både struktur og tempo, og du er gjerne ein person som har kontroll på detaljane utan å miste oversikta. Det handlar om å vere til stades, sjå kva som trengst og ta ansvar -- samtidig som du jobbar tett saman med folk du kjenner og har tillit til.
Dine ansvarsområdeSom delelageransvarleg får du ei nøkkelrolle i å sikre effektiv vareflyt og god samhandling mellom butikk, verkstad og kundar. I ein travel kvardag er du den som held oversikt over kva som kjem inn, kva som skal ut - og kva som må følgast opp.
Sentrale arbeidsoppgåver:-
Bestille og fakturere delar til verkstad, lager og kundar
-
Ta imot og følgje opp kundar via telefon, e-post og over disk
-
Sørge for at verkstaden har rett delar til rett tid -- og vere tett på i det daglege samarbeidet
-
Handsame reklamasjonar og garantiar, i samarbeid med verkstad og leverandørar
-
Registrere og følgje opp varemottak, og sikre samsvar mot faktura
-
Bruke og vidareutvikle våre system for logistikk og lagerstyring
-
Forbetre rutinar og struktur som gir betre oversikt og kontroll
-
Det må også reknast med arbeid kvar fjerde laurdag, i tidsrommet 09:00--13:00
Vi ser etter deg som har ønskje om å ta ansvar for, og styring av logistikken hos oss. Du er gjerne naveti drifta vår, og meistrar ein arbeidskvardag med kontaktflate i butikk, på telefon og på e-post.
Rolla rapporterar til dagleg leiar og har arbeidsstad ved Eiksenteret i Førde.
Kvifor Eiksenteret Førde?Hos oss jobbar du i ei bedrift med lange tradisjonar, lokal eigarskap og korte linjer mellom avgjerder og handling. Du blir ein del av eit tett, praktisk og triveleg arbeidsmiljø -- der det er lov å ta initiativ, og der handlekraft blir verdsett.
Som delelageransvarleghos oss får du jobbe saman med dyktige kollegaer som er opptekne av å ivareta eit godt arbeidsmiljø, og som set pris på fagleg utvikling. Vi har stort fokus på kursing og kompetanseheving, og gjennom Eik-kjeda har vi tilgang til AGCO Academy sitt omfattande utviklingsprogram. Det inkluderar kurs hjå blant anna Fendt i Tyskland og Massey Ferguson i Frankrike. Her møter du topptrente fagfolk som kjenner produkta og metodane våre ut og inn
Kven er du?Du har teknisk innsikt, liker å ta ansvar og trivst med å jobbe tett på både kundar og kollegaer. Kanskje har du skrudd sjølv, kanskje har du jobba på delelager -- eller kanskje du rett og slett berre har god praktisk teft og ein strukturert arbeidsstil.
Vi trur du har:-
Erfaring frå lager, verkstad, butikk eller teknisk handel
-
Kjennskap til landbruk, maskinar eller småmekanikk
-
Gode datakunnskapar og evne til å lære deg nye system
-
God formidlingsevne og evne til å handtere hektiske dagar med ro og oversikt
Om bedriften
Eiksenteret Førde vart starta i 1986 og har i dag 10 tilsette, med ei omsetning på ca 70 mill. årleg. Eiksenteret er ein del av ei landsdekkande franchisekjede der Eikmaskin AS er kjedegiver og importør. Eik-kjeden består av 30 sjølvstendige selskap som med sine underavdelingar er representert på 46 stader i Norge. Vårt produktspekter er kjende merkevarer; Massey Ferguson, Fendt, Ålø, Grimme, HE-VA, Junkkari, Dalen, Amazone og Tellefsdal - I tillegg til eit omfattande butikk og rekvisitautval til landbruk- og anleggsbransjen.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8cfac067-b1dd-4b11-bc04-57ac2618be60
- Hentet fra
FINN
- Referanse
411284189