Driftsoperatør i 100 % fast stilling
Gol kommune Eigedomsavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Vil du jobbe med moderne byggdrift og bidra til at kommunale bygg fungerer trygt, effektivt og berekraftig?
Gol kommune søkjer ein driftsoperatør som vil vere med og utvikle eigedomsdrifta vår vidare.
Om stillinga:
• Variert arbeid med drift, tilsyn og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg
• Feilsøking, enkle utbetringar og optimalisering av tekniske løysingar
• Oppfølging av automatikk- og SD-anlegg, samt tilsyn med tekniske installasjonar
• Energioppfølging og dokumentasjon i FDV-system
• Kontakt med leverandørar og deltaking i mindre prosjekt
Arbeidstid:
Stillinga inngår i todelt skiftordning med dagvakt annakvar veke og kveldsvakt annakvar veke.
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev er ønskjeleg, særleg innan automasjon eller elektro. Andre relevante fagbrev vil òg bli vurderte
• Erfaring frå drift av tekniske anlegg, til dømes ventilasjon, varme og styring/regulering, er ein fordel
• Gode digitale ferdigheiter, gjerne erfaring med FDV- og SD-system
• Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
• Førarkort klasse B. Det er ein fordel med BE
Personlege eigenskapar:
• Du arbeider sjølvstendig, strukturert og serviceinnstilt
• Du tek ansvar, er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
• Du har gode samarbeidsevner og interesse for forbetringsarbeid
• Personleg skikkaheit vil bli lagt stor vekt på
Vi tilbyr:
• Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø
• Høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
• Løn og arbeidsvilkår etter tariff
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Anna:
Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8cad252a-8fcc-41b2-84f7-6bd6c1dbce44
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3611395_199587_nn