Hopp til innhold

Tannlegespesialist i endodonti

Arbeidsgiver

IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune

Sted

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Tannlegespesialist i Endodonti
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. februar

Det er ledig 40 % fast stilling som spesialist i endodont ved Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland (TkVestland)

Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då er TK Vestland noko for deg!
TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.
Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilvist frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 11 moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi rundt 40 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.


Arbeidsoppgåver

Som spesialist i endodonti ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilvist for vurdering og behandling hos spesialist. Mange av desse pasientane har behov for tverrfagleg vurdering og behandling i samarbeid med fleire tannlegespesialistar, og du vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåvene omfattar òg deltaking i utadretta verksemd, som kurs og andre kompetansehevande tiltak. Dette kan til dømes vere rettleiing og tilråding av kollegaer i tannhelsetenesta, med mål om å styrke fagleg utvikling og kvalitet i behandlingstilbodet. Tannbehandling i narkose kan verte aktuelt.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk godkjenning som spesialist i endodonti.
Det er ynskjeleg med relevant arbeidserfaring som spesialist.
God evne til formidling.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode samarbeidsevner, som trivst i eit tverrfagleg miljø. Personleg eigenskap, evne og vilje til å arbeide i team vil bli vektlagt ved tilsetting.
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus. Du kan samhandle med ulike pasientgrupper, kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
Du trivst med å jobbe i team og bidreg aktivt til å skape eit godt arbeidsmiljø. Samstundes arbeider du systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og engasjert i fagleg utvikling, og du deler gjerne kompetansen din med andre for å styrke fellesskapet og kvaliteten i tenesta.

Det vert vektlagt erfaring med generell endodonti, endodontisk kirurgi og arbeid i eit tverrfagleg miljø.

Vi tilbyr

Løn etter avtale.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Ein spennande og utfordrande jobb.
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Kontaktinformasjon

Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834, martha.sorensen@Vlfk.no
Marita Bjørkelund, Klinikkleiar, 97592838, marita.bjorkelund@vlfk.no

Arbeidsstad

Årstadveien 19
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5046149151
Søknadsfrist: 19.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Martha Sørensen

områdeleiar tannhelse

98012834

martha.sorensen@Vlfk.no

Marita Bjørkelund

Klinikkleiar

97592838

marita.bjorkelund@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8c7b9d51-10ea-4e9f-8901-ee4f97ce5f54

Sist endret

29. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a4c6f54a57c049ce97050af9fbc6df75

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sentrum tannhelseområde - Øygarden tannklinikk

Sted

Straume

Arbeidsgiver

Bergen Tannklinikk As

Sted

Bergen