Kontrollingeniør asfalt
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kontrollingeniør asfalt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. september
Vil du ha ein spanande jobb, med mykje fridom i eigen arbeidskvardag? Vil du jobbe for at folk kvar dag kjem seg trygt fram til skule, barnehage, jobb, fritid og familie?
Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ledig ein fast stilling innan vegdrift.
Vi søker etter ein kontrollingeniør for asfaltkontraktar på Sunnmøre.
Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, om lag 1000 bruer samt andre vegelementer.
Du blir fast tilsett i vegdriftseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Seksjonen sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk.
Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du må rekne med ein del reising i fylket.
Kontorstad for denne stilinga er Ålesund
Arbeidsoppgåver
Som kontrollingeniør hos oss vil du:- Vere del av eit team som styrer asfaltkontrakter, samt samarbeide med øvrige drift- og vedlikehaldskontraktar
- Rapportere til byggeleiar og støtte byggeleiar i oppfølging av kontraktene
- Bidra til å ha kontroll på dekketilstand/asfalteringsbehov på fylkesvegnettet
- Planlegge og følje opp asfalttiltak på fylkesvegar i tett samarbeid med entreprenør og byggeleiar på kontrakt
- Gjennomføre kontrollar samt analysere, dokumentere og rapportere resultat
- Ha ei variert og sesongstyrt arbeidsveke med feltarbeid og kontorarbeid
- Periodevis pårekne noko kveld/nattarbeid i samband med asfalteringsarbeid
- Samarbeide med andre fagpersonar både i teamet og i avdelinga
- Gjere greie for gjennomførte kontrollar i byggemøter
- Bruke relevant dataverktøy for bransjen
- Følge opp og støtte HMS arbeidet i kontraktane
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå fagskule eller høgskule
- Erfaring frå relevante fagfelt kan kompensere for formell utdanning
- Relevant erfaring
- God kjennskap til og interesse for bruk av digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med interne og eksterne partar- Evne til å bruke din fagkunnskap både praktisk og teoretisk
- Vere positiv og samarbeid- og utviklingsorientert
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Karl Inge Vestre Hauge, Teamleiar team vegdrift Sunnmøre , 48185401, karl.inge.vestre.hauge@mrfylke.noTorgeir Bye, Seksjonsleder , 90737873, torgeir.bye@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5002960272
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c744c66-f279-44eb-aef8-680704e85428
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f576a57b3fb4941931c4f4c913f821b