100 % fast stilling som fagarbeidar
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
Eikelandsheiane 50, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Ingen mulighet for hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. oktober
Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 frå 2022 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. Samferdsel & VA er organisert under sektor samfunnsutvikling.
Arbeidsstad
Arbeidsområdet vårt er heile Bjørnafjorden kommune, og køyring må påreknast. Oppmøtestad er Eikelandsheiane 50.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver innan grunnarbeid, lastebilkøyring og vedlikehald av veg
- Maskinkøyring
- Enkle VA-oppdrag
Den som blir tilsett må rekna med opplæring på spesialmaskiner
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan grunnarbeid/anleggsmaskin, men lang relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
- Krav om førarkort klasse BE og C
- Kompetansebevis M2, M4, og motorsag er ønskeleg
- Beherske norsk munnleg og skriftleg godt
Personlege eigenskapar
- Engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert
- Meistra enkle, digitale verktøy
- Stor arbeidskapasitet og evne til å samarbeida i team
- Fleksibel
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c7020b0-99c7-4425-8acd-c22b193a4695
- Sist endret
14. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3661677_195929_nn