Ferievikarar
Brønnøysundregistrene
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
25
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Om stillinga
Brønnøysundregistera treng di hjelp til å gjere viktige oppgåver og har fleire ledige stillingar som ferievikar i perioden 01.05.- 31.08.2025. Seinare oppstart og tidlegare sluttdato vil vere mogleg. I søknaden må du opplyse når du kan starte og kor lenge du kan jobbe.
Arbeidsoppgåver
- saksbehandle i våre registre – registrere og kontrollere meldingar
- andre påkomande arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Du må ha- fullført vidaregåande opplæring
- beherske bruk av PC som arbeidsverktøy godt
- ha god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Dette får du hos oss
Stillingane er lønna med etterskotsvis timelønn (kroner 205 - 230 pr. time rekna ut frå ansiennitet). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di.
Arbeidstida er i perioden 15.05. - 14.09. måndag-fredag kl. 0800-1500. Resten av året er arbeidstida 0800 - 1545. Du må rekne med å arbeide noko overtid på ettermiddag og laurdag.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Verd å merke seg før du søker
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted