Barne og ungdomsarbeidar SFO
Klepp kommune, Orstad skule
Skogvegen 26, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar SFO
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. juni
Er du ein leiken, kreativ og omsorgsfull vaksen?
Me søkjer ein blid og kvikk medarbeidar som er sjølvstendig og fleksibel i møte med barn, føresette og kollegaer, som kunne tenkja seg å vera her med oss i Orstad SFO.
Du må ha eit ynskje og evne til å aktivisera barn i leik og gjennom aktivitetar, gjerne med utgangspunkt i eigne interesser og ferdigheiter. Vår SFO brukar hobbyane og interessene til dei tilsette som eit utgangspunkt for aktivitetar for barna på SFO.
For oss er det viktig at alle barn opplever inkludering i felleskapet, og me har fokus på mangfaldet i barnegruppa. Hos oss er alle barn velkomne. Det er viktig at vaksne som jobbar i SFO deler dette synet på barn og inkludering. I Klepp kommune er me opptekne av “med blikk for alle”, og me vektlegg at me er gode rollemodellar for barna og har eit godt foreldresamarbeid.
Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar med stort fagleg engasjement, som vil vera med å bidra i eit læringsmiljø der barns trivsel og utvikling er i fokus.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og skapa trivsel
- Bidra til den sosiale utviklinga og trivselen til barna
- Rettleia barn i leik og fritidsaktivitetar inne og ute
- Skapa eit trygt og positivt miljø for barn, føresette og kollegaer
- Byggja gode relasjonar med barna og hjelpa barna til å byggja relasjonar med kvarandre
- Bidra i planlegginga av innhaldet i SFO i tråd med rammeplanen
- Gjennomføra aktivitetar med barnegrupper
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav
- Relevant erfaring og kompetanse kan kompensera for manglande utdanning
- Meistra norsk på eit godt nivå. Du bør ha bestått språktest nivå B1
- Utviklingsorientert og samarbeidsorientert
- Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Positivt syn på barn og inkludering
- Ein god støttespelar for utviklinga til barna gjennom leik og læring
- Du må vera ein trygg vaksen og ein god rollemodell for barna, som evnar å setja grenser med varme og omsorg
- Positiv, engasjert og reflektert
- God til å kommunisera og samarbeida med andre
- God til å byggja relasjonar
- Du må like å vera ute i alle årstider
- Du må vera aktiv og leiken i samspel med elevane
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjert arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver og kvardagar
- Medråderett, medansvar og rettleiing
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.
Kontaktinformasjon
Randi Harveland, rektor, +47 41292877Arbeidsstad
Skogvegen 264353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4971305094
Stillingsprosent: 50%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 05.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Randi Harveland
rektor
+47 41292877
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2944635
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb330206a2e3420e9983d839ee66c571