Nevenyttig person / handverkar i 50 – 100% prosjektstilling.
Klepp kyrkjelege fellesråd
Kleppevarden 2, 4350 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Nevenyttig person / handverkar i 50 – 100% prosjektstilling.
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Klepp kommune har i overkant av 20 000 innbyggjarar og ligg på Jæren, ca 25 km sør for Stavanger. Fellesrådet består av fire aktive, men ulike kyrkjelydar; Bore, Klepp, Orre og Frøyland/Orstad. Kvar kyrkjelyd har sokneprest, dagleg leiar og eigen stab med tilsette. I tillegg er det eit stort korps av frivillige. Det drives eit mangfaldig og rikt arbeid i kyrkjelydane. Stabane i Bore, Klepp og Orre er samlokalisert med fellesrådet på kyrkjekontoret i Klepp sentrum, mens staben til Frøyland/Orstad har eigne kontorlokale i kyrkja.
Vi treng ein nevenyttig person (handtverkar) til praktisk vedlikehaldsarbeid i kyrkjene.
Stillingsstørrelse kan vera frå 50 til 100% og varigheit frå 1 til 2 år. Det vil seie at vi har omtrent eit årsverk til dette prosjektet, men det kan fordelast over meir enn eitt år.
Arbeidsoppgåver
Vi har ein del vedlikehaldsoppgåver i kyrkjene som må utbetrast. Det er mest trearbeid, men og noko malingsarbeid og litt betongarbeid. Det vil vera arbeid både utvendig og innvendig i kyrkjene. Vi ynskjer difor ein person med gode praktiske evne og god kapasitet, fortrinnsvis ein person med fagbrev som handtverkar. Det er viktig at den som vert tilsett har forståing for kyrkjebygga si kulturelle og historiske betydning.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Reparasjon av vinduer og dører
- Skifte av kledning
- Skifte av gipsplater
- Sparkling og maling
- Litt betongarbeid
- Demontering/montering av øydelagt utstyr
- Utbetring av utstyr
- Skifte beslag
- Isolering
- Fuging og liming
- Fasadevask …og mykje anna
Nokre oppgåver kan løysast på få timar, andre vil ta fleire dagar. Enkelte oppgåver kan løysast over tid, andre må gjennomførast når ein først tek til med dei.
Vi har fleire frivillige medarbeidarar som hjelper til med det praktiske arbeidet i kyrkjene. Den som vert tilsett vil samarbeide tett med dei frivillige og leggja til rette for at dei skal utføre mindre og enklare praktiske vedlikehaldsoppgåver. Du vert difor ikkje åleine om alle oppgåver. Nokre gogner er det nødvendig å vera fleire om ei oppgåve, og då vil dei frivillige kunne vera med.
Det er mykje aktivitet i kyrkjene, både på dagtid og kveldstid. Den som vert tilsett må difor reise frå kyrkje til kyrkje, alt etter kor det er ledig. Det betyr at den som vert tilsett må ha god forståing for kyrkjelydsarbeidet.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdaning, gjerne fagbrev som handtverkar
- God og variert praktisk kunnskap og erfaring
- Gode evne til å samarbeide med frivillige
- Gode kommunikasjonsevnar på norsk
- Noko erfaring med digitale verktøy (FDV-system) er ynskjeleg men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du er flink til å samarbeide med frivillige
- Du har evne til å organisere eiget arbeid
- Du har god gjennomføringsevne
- Du kan arbeide strukturert, målretta og effektivt
- Du er fleksibel i det daglege arbeidet
Me tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø og stabsfellesskap
- Fleksibel arbeidsavtale og arbeidstid
- Lønn og godtgjersle etter kvalifikasjonar og satsar for kyrkjeleg sektor
- Pensjonsordning i KLP
- Delt kontorplass på Klepp kyrkjekontor
Andre opplysningar
- Mykje av arbeidstida vil den som vert tilsett kunne styre sjølv. Det vil i tillegg vere mogleg å arbeida mykje i enkelte periodar og mindre i andre periodar slik at dette arbeidet kan kombinerast med anna arbeid eller sesongarbeid.
- Du må disponere bil
- Prøvetid på seks månader
- Tilfredsstillande politiattest leggjast gram før tilsetting, jfr. Trossamfunnslovens § 20
Kontaktinformasjon
Arvid Kaspersen, Kyrkjevergje, +47 40157641, kirkeverge.klepp@kirken.noArbeidsstad
Kleppevarden 24350 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5043670799
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8be1ae99-5dbb-4fd6-bb92-cf0e559fd485
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c66c551ce1d0443380baf7f0c2221cd3
Lignende annonser
Fagarbeider
Arbeidsgiver
Driftsenhet for Jåttå, Hinna og Hundvåg gravplasser
Sted
Stavanger, Stavanger, Stavanger
Medarbeider - maling og overflatebehandling
Arbeidsgiver
Meling as
Sted
Kvitsøy
Barne- og ungdomsarbeider/assistent
Arbeidsgiver
Stokkabarnehagene, Stavanger kommune
Sted
Stavanger