Hopp til innhold

Rekneskapsførar - fast 100% stilling i Ørsta

Arbeidsgiver

Agrilogg AS

Sted

Vikegata 19A, 6150 Ørsta

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Vi søkjer etter ein rekneskapsførar som ønskjer å vere med og utvikle rekneskapsfunksjonen vår vidare. Du vil få eit breitt ansvarsområde og jobbe tett på både leiing og kundar i eit miljø der samarbeid, tillit og fagleg kvalitet står sentralt.

Stillingstittel
Regnskapsfører
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Hva vi ser etter

  • Erfaring i eitt eller fleire økonomisystem. Kjennskap til rekneskap i landbruksnæringa vil vere ein fordel

  • Sjølvstendig, kvalitetsbevisst, løysingsorientert og likar å ha god dialog med kundar og kollegaer

  • Bør bu i Ørsta-/Volda-/Ulstein-/Hareid-/Herøy-regionen

Arbeidsoppgaver

  • Full rekneskapsføring/portefølje internt og for eksterne kundar

  • Rådgjeving, oppfølging, kundedialog, årsoppgjer m.m.

Vi tilbyr

Vi tilbyr fast 100% stilling (eller litt mindre om det skulle passe deg betre) i eit lite og triveleg arbeidsmiljø med korte vegar til avgjerdsler. Du får fagleg utvikling, varierte arbeidsoppgåver og fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor. Gode velferdsordningar. Løn etter avtale.

Vi ser fram til å høyre frå deg, kanskje er du den som vil vere med å utvikle rekneskapsdelen vår vidare?

Send søknad og CV til soknad@agrilogg.no

Søknadsfrist: Søknader vert vurderte fortløpande.

Om bedriften

Agrilogg AS og Akslar AS held til i moderne kontorlokale i Vikegata 19A i Ørsta. Vi arbeider med utvikling og drift av programvare retta mot landbruks-, bygg- og anleggsbransjen, og har no eit aukande behov for rekneskapstenester både for eigne selskap og eksterne kundar.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8bd1a091-1c81-46fe-8471-d478e8f8ccd4

Sist endret

1. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

8bd1a091-1c81-46fe-8471-d478e8f8ccd4

Lignende annonser

Laster lignende annonser