Vikar som sjukepleiar/ helsesekretær/bioingeniør
Herøy kommune, Seksjon legeteneste
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Om jobben
Stillingstittel
Vikar som sjukepleiar/helsesekretær/bioingeniør
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Vi har ledig 60 % vikarstilling ved Herøy/Myrvåg legesenter frå dags dato og fram til 1.april 2024. Vikariatet kan verte forlenga.
Stillinga er delt mellom Herøy legesenter (40 %) og Myrvåg legesenter (20 %).
Det vil vere mogleg for å vere vikar utover desse dagane ved sjukdom eller ferieavvikling.
Arbeidet er på dagtid, måndag, onsdag og fredag.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er varierte:
- Laboratoriearbeid
- Mottak av pasientar i akuttsituasjon
- Ekspedisjonsarbeid som telefon, post, scanning/arkiv
Kvalifikasjonar
- Du må ha helsefagleg utdanning, helst som sjukepleiar, helsesekretær eller bioingeniør
- Erfaring i laboratoriearbeid/legekontor er ein fordel
Godkjent politiattest av ny dato (ikkje eldre enn 3 månader) må leggjast fram for tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner
- Like å arbeide i team, men også arbeide sjølvstendig
- Er strukturert
- Beheld roa i høgt tempo og i krisesituasjon
- Har god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsgjever som er oppteken av trivsel på arbeidsplassen
- Gode pensjonsordninga
- Løn etter gjeldande tariff
- IA-bedrift
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju,
Kontaktinformasjon
Aina Huldal, Konstituert seksjonsleiar, 41403350Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4669251957
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Sluttdato: 31.03.2024
Søknadsfrist: 15.06.2023
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2357112
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd11c6abdd404548b738b1e90aebbbfd