Lærling byggdrift
Teknisk drift Førde, Florø og Tronvik, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Oppstart
- 10. august 2026
- Stillingstittel
- Lærling byggdrift
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. mai
Lærling byggdrift ved Førde sentralsjukehus
Er du praktisk anlagt, nysgjerrig på tekniske system og vil lære korleis eit moderne bygg fungerar i praksis?
Som lærling hos oss får du praktisk opplæring i drift og vedlikehald av eit sjukehus – ein arbeidsplass der jobben din faktisk har mykje å seie for pasienttryggleik og kvardagen til tusenvis av menneske.
Vi oppfordrar kvinner til å søkje.
Bli med på laget som sikrar trygg drift og god omsorg for pasientane våre.
Oppstart læretid: 10.08.2026
Arbeidsoppgåver
- Få opplæring i praktisk drift og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar, som ventilasjon, varme, kjøling, sanitær og elektriske anlegg.
- Lære å feilsøkje, utføre enkle reparasjonar og gjennomføre rutinekontrollar saman med erfarne fagfolk.
- Delta i daglege driftsoppgåver som bidreg til trygg og stabil drift av pasientrom, operasjonsstover og tekniske rom.
- Lære å dokumentere arbeidsoppgåver og følgje gjeldande rutinar knytte til tryggleik, kvalitet og smittevern.
- Utvikle samarbeidsevner gjennom arbeid i lag med driftsteamet, eksterne leverandørar og ulike faggrupper på sjukehuset.
Kvalifikasjonar
- Du har fullført relevant Vg1/Vg2 innan tekniske fag eller byggfag, eller du har annan praktisk erfaring og ønskjer å ta fagbrev som byggdriftar.
- Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Du er nysgjerrig, likar å finne løysingar og trivst med praktisk arbeid.
- Du er ein lagspelar som tek ansvar og forstår at jobben du gjer er viktig for pasientane.
- Du likar orden, er oppteken av kvalitet og bryr deg om tryggleik på jobb (HMS).
Vi tilbyr
- Du får god opplæring med eigen rettleiar som følgjer deg opp i kvardagen, og ein tydeleg plan for kva du skal lære.
- Du får varierte arbeidsoppgåver som betyr noko, i eit arbeidsmiljø der jobben din er viktig for samfunnet.
- Du får løn etter tariff for lærlingar og gode ordningar som gir tryggleik i jobben.
- Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der folk samarbeider på tvers av fag og har fokus på å lære av kvarandre.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, (+47) 992 88 838Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5107895246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 04.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Jan Ove Steinseth
Seksjonsleiar
(+47) 992 88 838
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8bc4e3fa-9a53-479f-979f-ac5dbdbb9aca
- Sist endret
7. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
97a8199bcd19444fb8cd97c1830b4f6d