Hopp til innhold

Førstekonsulent – vikariat – straffegjennomføring med elektronisk kontroll

Arbeidsgiver

Sogn og Fjordane friomsorgskontor

Sted

Fjørevegen 20, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Førstekonsulent - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Om stillinga

Ved Sogn og Fjordane friomsorgskontor, har vi ledig eit eittårs vikariat i 100 % stilling, som førstekonsulent i turnus. Stillinga har arbeidsstad i Sogndal. Tiltreding skjer etter avtale, og seinast 1. august 2026.

Sogn og Fjordane friomsorgskontor er ein del av kriminalomsorga. Vi har hovudkontor i Florø og lokalkontor i Sogndal, og er til saman 13 tilsette med sosialfagleg, juridisk og administrativ bakgrunn.

Friomsorgen jobbar med straffegjennomføring i samfunnet. Vårt straffegjennomføringssystem er basert på humanistiske prinsipp og individuell tilrettelegging for dei domfelte. Dei domfelte skal møtast med tryggheit, forutsigbarheit og respekt. Arbeidet er utfordrande, og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der vi jobbar tett i tverrfaglege team.

Den som blir tilsett i den utlyste stillinga, skal først og fremst jobbe med straffegjennomføring med elektronisk kontroll (EK), det vil seie gjennomføring av ubetinga fengselsstraff i eigen bustad med elektronisk fotlenke. 

I tråd med kriminalomsorgen sin visjon om «straff som endrar», vil endringsarbeid vere ein sentral del av jobben til den som blir tilsett. Ein skal motivere den domfelte til å gjennomføre straffa utan brot, og til framover å leve eit kriminalitetsfritt liv. Samtidig har alle tilsette i kriminalomsorga eit ansvar for sikkerheita til dei domfelte, tilsette og samfunnet elles. Den som blir tilsett vil få opplæring i sikkerheitstenking og risikovurderingar.

EK-teamet består av fem tilsette i turnus, der tre er lokalisert i Florø og to i Sogndal. Teamet har dessutan ein teamleiar i Florø, som koordinerer oppgåvene og jobbar tett på dei tilsette.


Arbeidsoppgåver

Som førstekonsulent i EK-teamet er du en nøkkelperson i den daglige drifta av straffegjennomføring med elektronisk fotlenke. Du vil blant anna få ansvar for å:

  • vurdere om domfelte er eigna for straffegjennomføring med elektronisk kontroll
  • vurdere om sikta er eigna for varetekt med elektronisk kontroll
  • setje i verk og administrere straffegjennomføring og varetekt
  • leggje til rette for og følgje opp fagleg innhald
  • drive planmessig endringsarbeid i samarbeid med andre offentlege instansar og samarbeidspartar
  • kontrollere at vilkår for straffegjennomføring og varetekt blir overheldt
  • ha utstrakt kontakt med domfelte, både i fysiske møter og over telefon/videosamtale
  • betjene vakttelefon

Ein må rekne med ein del bilkøyring i samband med utføring av arbeidsoppgåvene. Ved behov må ein også rekne med å ta del i andre typar straffegjennomføring i samfunn. Vidare finn det for tida stad ein utvikling på straffegjennomføringsområdet. Den som blir tilsett må av den grunn rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha
  • Bestått sosialfagleg bachelor, eller fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS). Anna relevant høgskule/universitetsutdanning på bachelornivå kan vere aktuelt.
  • Førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode munnlege engelskkunnskapar 
  • God kunnskap om og erfaring i bruk av IKT-system eller -verktøy
Det er ønskjeleg at du har
  • God forståing for å jobbe etter lovverk
  • Erfaring med offentleg sakshandsaming og klientrelatert arbeid
  • Anna relevant erfaring, for eksempel med arbeid med unge, rus og/eller psykisk helse
  • Relevant etterutdanning, for eksempel innan psykisk helse og/eller rus

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit og motivasjon vil bli vektlagd. Vi ser etter deg som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • evner å prioritere oppgåver, arbeide målretta og overhalde fristar
  • evner å motivere til endring av åtferd
  • kan setje grenser 
  • er fleksibel
  • har engasjement for fagfeltet og evne til etisk refleksjon
  • er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • har personlige eigenskapar i tråd med etatens verdiar

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Eit fagmiljø i utvikling
  • Eit arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og stor takhøgd
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Stillinga vert lønna som 1408 førstekonsulent, med ei grunnlønn på kr 500 000 - 650 000 per år. Endeleg lønnsplassering finn stad på bakgrunn av kvalifikasjonar og ansiennitet. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
  • Stillinga er per i dag i turnus, noko som inneber dag- og kveldsarbeid, og noko helgearbeid. Endringar i arbeidstid må påreknast

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte teamleiar, Mari Knapstad Nilssen, tlf. 48 99 46 89, eller assisterande friomsorgsleiar, Birte Reed Solheim, tlf. 40 44 47 44.

For spømsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Kontaktpersoner for stillingen

Birte Reed Solheim

assisterande friomsorgsleiar

+4740444744

birte.reed.solheim@kriminalomsorg.no

Mari Knapstad Nilssen

teamleiar EK

+4748994689

mari.knapstad.nilssen@kriminalomsorg.no

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar, på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «straff som endrar» og verdiane våre er tryggleik, openheit og nytenking, noko som er førande for åtferda og organisasjonen vår. Les meir om verksemdsstrategien vår her

Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, og fem regionar med omtrent 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagt under Kriminalomsorgsdirektoratet, med overordna ansvar for straffegjennomføring i Vestland og Møre og Romsdal. Region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og eit senter for narkotikaprogram. Regionsadministrasjonen ligg i Bergen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ba642e6-04cb-4db8-b2bd-fc2e52c0986c

Sist endret

25. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288742

Lignende annonser

Laster lignende annonser