Bli leiar i tannhelsetenesta
Solheimsviken klinikkområde
Solheimsgaten 18, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Klinikkleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Tannhelsetenesta i Vestland er ei stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til god folkehelse i fylket vårt.
Avdelinga har om lag 550 tilsette, fordelte på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland. Leiing av klinikkane er avgjerande for å sikre god drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. No søkjer vi ein klinikkleiar som vil vere med å styrkje dette oppdraget gjennom engasjerande og framtidsretta leiing.
Du får ansvaret for Solheimsviken tannklinikk, Viken tannklinikk, tannlegevakta i Bergen og våre narkosetenester som samla utgjer eit fellesskap på 34 dedikerte medarbeidarar midt på Danmarksplass. Her får du ei rolle der du tek vare på menneska og bidreg til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for personalleiing av 34 tilsette, inkludert kompetanseutvikling, medarbeideroppfølging og rekruttering.
- Byggje og vidareutvikle trygge og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling.
- Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigne klinikkar
- Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
- Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
- Sikre at klinikkane tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.
Som klinikkleiar vil du vere ein aktiv deltakar i områdeleiar si leiargruppe og bidra i strategiske utviklingsprosessar for tannhelseområdet i Vestland fylkeskommune.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande
- erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- godkjent politiattest
Det er ønskjeleg at du har:
- utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse
- erfaring frå offentlege helsetenester
- erfaring med endring- og omstillingsprosessar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing.
- evner å skape samhald og felles retning for eininga di.
- byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt.
- tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat.
- er utviklingsorientert og tek initiativ til forbetring.
- byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.
Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.
Vi tilbyr
- ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement.
- deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram.
- eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe.
- løn etter avtale i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936Arbeidsstad
Solheimsgaten 185058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5100627455
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Agnete Norheim Kaldestad
områdeleiar tannhelse
41644936
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8b93b3eb-2567-4048-93a2-9ec568a080a6
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
80013254fe994d5eb8edbaeea30c05a1