Vil du leie folk og drift i ei framtidsretta maritim verksemd?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Kong Christian Frederiks plass 3, 5006 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Operativ leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. juni
Fjord1 er ein verdensleiane pioner innan det grøne skiftet - over halvparten av våre farty er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid. Og vi veit at dei beste løysningane krev dei rette og beste folka.
No søkjer vi etter ein tydeleg operativ leiar som vil ta ansvar for dagleg drift av fleire av våre fartøy – nærare bestemt ferjene på Boknafjorden, eit av dei mest trafikkerte og samfunnskritiske sambanda i landet. Her blir du eit sentralt bindeledd mellom land og sjø – med ansvar for både resultat, bemanning og sikkerheit. Du vil vere tett på både teknisk inspektør, bemanningskoordinator og skipsførarane, og bidra til eit godt samarbeid for trygg og stabil drift.
I Fjord1 får du ikkje berre ansvar – du får også moglegheit til å påverke, utvikle og løfte både folk og fartøy.
Vi tilbyr leiarskap i praksis, der du må stå støtt i grov sjø og samtidig leggje langsiktig kurs mot nye mål.
Slik blir arbeidskvardagen din
Som operativ leiar på Boknafjorden har du det overordna ansvaret for at sambanda våre vert drivne trygt, effektivt og i tråd med kontrakt og regelverk. Du har personalansvar for både bemanningskoordinator og skipsførarar, og du spelar ei nøkkelrolle i å sikre god samhandling mellom drift, bemanning og teknisk oppfølging. Det er du som skal søge for at fartøya har rett mannskap, at drifta er forsvarleg, og at vi leverer på dei høge krava vi har for både tryggleik og kvalitet.
Kvardagen din vil vere variert – du vekslar mellom strategisk planlegging og operative avgjersle, og du må kunne ta raske grep når situasjonen krev det. Samtidig er du ein viktig kontaktperson både for tilsette, teknisk avdeling og offentlege oppdragsgjevarar.
Dine hovudoppgåver vil vere å:
- Følgje opp dagleg drift og sikre trygg og stabil gjennomføring av rutene
- Ha personalansvar for bemanningskoordinator og skipsførarar
- Sørgje for god samhandling med teknisk inspektør og øvrige støttefunksjonar
- Følgje opp fartøydisponering, rutekunngjering og bemanningsplanar
- Tilsetje kapteinar og følgje opp mannskap i samarbeid med bemanningskoordinator
- Ansvar for HMS, ISM og energileiing i tråd med ISO 50001
- Budsjett- og resultatansvar for eigne samband
- Behandle kundeklager, fakturaer og driftsrapportering til oppdragsgjevar
- Følgje opp kaiar og anlegg knytt til sambanda
- Bidra til kontinuerleg forbetring av drift, kvalitet og sikkerheit
Kven passar denne jobben for?
Du passar godt i denne rolla dersom du er ein tydeleg leiar som evnar å kombinere oversikt med gjennomføringsevne. Du trivst med å ha både folk og drift i tankane samtidig, og du er trygg i situasjonar der det krevst raske avgjerder. Som operativ leiar må du ha stø kurs – også når det skjer uventa ting – og evne å få mannskap og støtteapparat til å dra i same retning.
Rolla krev at du er strukturert, tilgjengeleg og flink til å kommunisere – både med dei som står på brua, og dei som har ansvar på land.
For å trivast og lukkast i rolla trur vi du har:
- Relevant høgare utdanning – alternativt solid erfaring frå liknande rolle
- Erfaring frå operativ drift, gjerne med budsjett- og personalansvar
- Kjennskap til maritime regelverk og offentlege krav
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- God systemforståing og digital kompetanse
Lurer du fortsatt på kvifor du skal søkje?
Som operativ leiar på Boknafjorden får du ei sentral rolle i ein framtidsretta og samfunnskritisk del av verksemda vår. Du får påverknad, ansvar og ein variert kvardag tett på både mannskap, teknologi og leiing. Her får du jobbe med oppgåver som betyr noko – for både lokalsamfunn, reisande og det grøne skiftet.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og på lang sikt. Du får fleksible arbeidsordningar som gjer det enklare å få kabalen til å gå opp – og eit sterkt fagmiljø med rom for utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen din blir i våre moderne lokale i Bergen, der du blir ein del av eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø. Vi legg vekt på samspel, fagleg styrke og god kvardagskultur – og du vil få kollegaer som bryr seg om både kvaliteten på arbeidet og menneska rundt seg.
Di utvikling som leiar og fagperson er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, som tilgang til firmaleilegheiter og hytter for ferie og fritid.
Er du klar for å gå om bord?
Send oss gjerne ein søknad – eller ta ein uformell prat med oss dersom du vil vite meir om stillinga.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Kontaktinformasjon
Tor Kristoffersen, Regionleiar, 90207234, tor.kristoffersen@fjord1.noArbeidsstad
Kong Christian Frederiks plass 35006 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4981332749
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8b87e442-d5da-4b32-a6bb-44ae9b3b493b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7d2864bdb3df4b4bb4ff9ade70ce7b94