Ringevikar på dagavdeling for eldre
Voss herad Helse-og omsorg stab
Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
assistent
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 5%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. mai
Me søkjer etter ringevikarar på dagaktivitetstilbodet for eldre på Vetleflaten omsorgssenter frå d.d.
Arbeidstid er per i dag frå kl 08:00-15:30 eller kl. 11-18.30
Aktivitetstilbodet er eit tilbod for heimebuande eldre, kor me skal bidra til ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Det skal fokuserast på aktivitet, oppleving av meistring og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulera til å vedlikehalda dagleglivets funksjonar hos brukar.
Om arbeidsstaden
- Planlegging og gjennomføring av aktiviteter på dagavdelingane
- Skapa gode dagar for våre brukarar
- Gjennomføra/leia trimtime for brukarane
- Tilrettelegging av måltider og fokus på ernæring
- Gi hjelp til personleg stell og pleie
- Vera merksam på endringar hos brukar
- Motivering til aktivitet og deltaking
- Journalføring etter gjeldande regelverk
- Bidra til utviklingsarbeid i tenesta
Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.
Kvalifikasjonar- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Eit ynskje om å bidra til ein god dag for dei som nyttar tilbodet
- Interesse for arbeid i eldreomsorga
- Gode kommunikajsoneigenskapar
- Evne til å skapa trivsel, glede og meistring
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Hugs å gje opp referansar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942416
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3501867_213489_nn