Universitetslektor (ekstraerverv 10 %)
Universitetet i Bergen
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Universitetslektor (ekstraerverv 10 %)
- Type ansettelse
- Åremål, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig åremålsstilling som universitetslektor (10 % ekstraerverv) i odontologi (periodonti) for ein periode på 3 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Tannhelsekompetansesenteret Vestland. Arbeidsstad er ved Seksjon for periodonti med fast arbeidsdag mandag.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneheld oppgåver innan
• undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i periodonti
• generell undervisning og undervisning i høve til dei andre studieprogramma ved fakultetet/instituttet kan verte pålagt
• administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer
Den som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppa innan periodonti, og vil få delansvar for utforming av undervisninga av denne delen av tannpleiarutdanninga ved Universitetet i Bergen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege
- Søkjar må ha interesse for faget periodonti og kjennskap til forsking og forskingsformidling i feltet
- Det er eit ynskje at søkjar har relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
- Det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, dokumentert vilje og evne til samarbeid
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. Det er krav om utdanningsfagleg kompetanse tilsvarande 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 630 000 – 680 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
• Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
• CV
• Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
• Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
• To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
- Fullstendig publikasjonsliste
- Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Dagmar F Bunæs, dagmar.bunas@uib.no, mobil 413 13 154
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8b7a7f9d-1f15-4379-bf44-6063c7bd703b
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274487
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Førsteamanuensis / Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (gastrokirurgi).
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen