Sjukepleiar i vikariat ved sengepost Kysthospitalet i Hagevik
Ortopedisk klinikk/ Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar i vikariat ved sengepost Kysthospitalet i Hagevik
Oppstart
3. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Ortopedisk klinikk, Kysthospitalet i Hagevik har ledig 100% vikariat for sjukepleiar i 3-delt turnus. Vikariatet er ledig frå 03.11.2025 til 29.11.2026. Etter endt vikariat kan ein få 100% fast stilling i Bemanningssenteret i føretaket.
Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk, i Helse Bergen. Sjukehuset ligg i Hagavik, Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med protesekirurgi i hofte og kne, ryggkirurgi og noko dagkirurgi. Sjukehuset har 6-døgnsdrift og vår sengepost har 22 senger.
Personalgruppa består av sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar. Vi er opptatt av gode pasientforløp. Vi er eit veldrive sjukehus med effektiv og spesialisert drift. Gjennomsnittleg liggetid for nyopererte pasientar er 1,4 døgn. Sengeposten vår har flotte medarbeidarar som saman skaper eit trygt og godt miljø for pasientar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperativ sjukepleie til ortopediske pasientar
- Medikamenthandtering
- Utøve god omsorg for pasient og pårørande
- Pasientoppfølging med rettleiing/undervisning
- Teamarbeid med andre yrkesgrupper
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar, munnleg og skriftleg
- God fagleg kvalitet i pleie av pasientar
- Kjennskap til bruk av IKT-verktøy
- Dersom du har erfaring frå ortopedi er det ein fordel, men ingen føresetnad
Personlege eigenskapar
- Bidrar positivt fagleg og kollegialt
- Er strukturert og tar ansvar
- Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar
- Har pasienten i fokus
- Verdset å halde deg fagleg oppdatert
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er tilpassingsdyktig og fleksibel
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Eit meiningsfyllt arbeid som gir personleg utvikling
- Relevant opplæring
- Vi held eit høgt fagleg nivå
- Arbeid i 3-delt turnus med arbeidshelg ca kvar 3 veke, fri søndagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Hjertholm, Seksjonsleiar , 56565841, lisbeth.hjertholm@helse-bergen.noAnita Aarnes Lyssand, Ass.seksjonsleiar , 56565840
Arbeidsstad
Hagaviksbakken 255217 Hagavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5003333718
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.11.2025
Sluttdato: 29.11.2026
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anita Aarnes Lyssand
Ass.seksjonsleiar
56565840
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8b6f18c0-4f73-4b0f-938c-dbf3dc831d3e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3751cf5bd5184982ae2fe97c041b5e99