Hopp til innhold

Undervisningsstilling/ Lærar - 80 % vikariat - Vestbygd skule

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Holemarka 5, 5918 Frekhaug

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling/ Lærar - 80 % vikariat - Vestbygd skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Vestbygd skule har eit ledig vikariat som lærar i 80% stilling i tidsrommet 01.01.26-31.07.25.

Vestbygd skule er ein barneskule som ligg fint til i Holmemarka omlag 5 minutt nordvest for Frekhaug. Skulen har eit flott uteområde som innbyr til mange ulike aktivitetar og ein nyttar ofte nærliggjande turområde.

Skuleåret 2025/2026 har skulen 114 elevar fordelt på 1.- 7.trinn, og vi er 24 tilsette ved skulen. 

Satsingsområde

Alver kommune har tre store satsingsområde: universell pedagogikk, læringsmiljø og språk, lesing og skriving. I år har Vestbygd tett samarbeid med Lesesenteret i Stavanger, i høve til satsing på språk, lesing og skriving.

Les meir om skulen her: Vestbygd skule - Alver kommune 


Arbeidsoppgåver

  • kontaktlærar på 1.-4. trinn
  • arbeide i tråd med kommunen og skulen sine satsingar og retningslinjer
  • planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
  • systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
  • aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
  • samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar
  • skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte
  • oppfølging av elevar for å sikre god fagleg og sosial utvikling, og eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • skule-heim samarbeid

Kvalifikasjonskrav 

  • Godkjent undervisningskompetanse for barnetrinnet etter opplæringslova § 17-3 
    og § 17-4 
  • Minimum 30 studiepoeng i minst eitt av basisfaga norsk, engelsk eller matematikk
  • God kompetanse i grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Autoritativ klasseleiar som evnar å byggje gode relasjonar til elevar og føresette
  • Gode faglege og didaktiske kunnskapar
  • Erfaring frå undervisning er ønskeleg
  • I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede

 


Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
  • Rettleiing for nyutdanna lærarar dei to første yrkesåra
  • Samarbeid med skulen sitt ressursteam 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk


Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 17-11 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
 


Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8b634c65-9363-496c-9a29-4c4367a96a7b

Sist endret

24. november 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10269856

Lignende annonser