Anestesisjukepleier Thorax
Operasjonsavdeling, Helse Bergen HF, Kirurgisk serviceklinikk
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Anestesisjukepleier Thorax
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Thoraxkirurgisk seksjonen (TKS) er ein spennande seksjon med dyktige medarbeidarar og faglege utfordringar. Thoraxseksjonen ligg i 2. etasje og har fine lokale med fire operasjonsstover. Ei av desse er ei hybridstove. Thoraxseksjonen har hjarte- og lungeoperasjonar som sitt spesialfelt. Vi utfører elektiv kirurgi også innanfor områda thoraxkirurgi, karkirurgi og invasiv kardiologi på Hybridstova. Ein gong i veka, har vi robotassistert thorax kirurgi. I tillegg har vi innleggingar av veneporter, Hickman og dialysekateter for heile Haukeland universitetssjukehus. Vi har fokus på fagleg utvikling og pasientsikkerheit.
Vi har ledig vikariat 100% stilling som anestesisjukepleiar på Thoraxkirurgisk seksjon, frå august. Arbeidstid er dagtid 37,5 timers uke. Evt mogeleg med forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Anestesi til pasientar ved TKS, vaksne og barn
- Anestesisjukepleiar er ein del av eit tverrfagleg team
- Anestesisjukepleiar har ansvar for å planlegge og førebu pasientar ved TKS
- Klargjering og kontroll av utstyr med fokus på pasienttryggleik
- Koordinere og planlegge dagleg drift
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i anestesisjukepleie
- Gode datakunnskapar
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Fordel med Thorax erfaring, kjennskap til pasientgruppen, pre- per og postoperativt
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- Arbeider strukturert og målretta
- Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Fleksibel og løysingsorientert
- Søkarar må trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
- Du er lærevilling og opptatt av å fullføre oppgåver
Vi tilbyr
- Store faglege utfordringar
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter tariff
- Gode pensjon-og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Helland Mjelde, Seksjonsleiar, 55970345, kristin.helland.mjelde@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5141291353
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8af8bc76-3824-4a5e-af18-09f279d5ec6b
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ffd45f1195848098e3620f8208a6afa